Skogrydding ved Kunstgrasbana

Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Mar 2024

Laurdag 16. mars var 6 karar på plass ved kunstgrasbana på Ostereidet for å rydde busker og tre på dugnad.

Jahn Tommy Midtgård stilte med traktor og kvistemaskin, Kristoffer Dalland og Terje Thorsen rydda skog med motorsag og ungdommane frå G14, Brian Dalland, Thomas V. Thorsen og Andrè M. Espevoll rydda greiner og kvist.

Etter 3 timar effektiv rydding, ser det no mykje lysare og betre ut ved fotballbana. Takk for at de tok dykk tid og tusen takk for innsatsen, guttar!




Eikanger I.L. Fotballakademi startar opp 1. april

Postet av Eikanger Idrettslag den 12. Mar 2024

Vel møtt til Eikanger I.L sitt Fotballakademi 2024! Oppstart 1. april. 

Påmelding via denne lenkja: https://forms.gle/epUTQ3VYjAomTyC69