Minneord Kåre Eide

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Aug 2018


Ei drivkraft i Eikanger IL er gått bort. Kåre Eide, Ostereidet, døydde tysdag 14. august, vel 80 år gamal. Han vart bisett frå Ostereidet kyrkje tysdag 21. august kl. 11.00.


Frå han var med på å starta laget i 1952 og like fram til det siste har han vore aktiv i og for laget. 


Han var mellom unggutane som grunnla Eikanger IL i 1952. Til langt ut på 1960-talet var han mellom dei fremste aktive. Han kom tidleg med i styret.


Sprintaren

I ungdomsåra var han vår raskaste mann. 11,2 på 100m er det mange år sidan nokon i idrettslaget har sprunge på no. I 1955 tok Kåre laget sitt første KM-gull nettopp på 100m. 60m-tida hans på 7,2 same året er enno klubbrekord i 17-årsklassen for gutar.


Mange år framover sprang Kåre fort sjølv om han utover 60-talet ikkje satsa så mykje lenger. Men i klasse  MV2, då han var 42, sprang han 60m på 8,2, – tida er enno veteranrekord i klassen!


Leiaren

I idrettslaget si styring tok Kåre mange tak. Leiar var han første gong i 1964 i hovudstyret, så 1976-78, 1983 og på ny i 2002 og 2003. I mange år var han sekretær. Friidrettsgruppa leia han i 1980-81. Uavhengig av formelle verv, så var han alltid der.


Kåre stilte opp, tok tak og inspirerte. Han hadde ei eiga evne til å trekkja andre med. Han gav ros, støtta og muntra oss opp.


Anten han var medlem i friidrettsgruppa eller ei, deltok han på møta våre og me gledde oss over å ha med han Kåre. Og han tok villig tak som domar og medhjelpar ved mange 

stemner og arrangement.


Samarbeid

Klubbavisa Eikern var i mange år hjartebarnet hans, eit  bindeledd mellom lag, medlemer og bygdefolk. Svært viktig meinte han, som alltid var samfunnsengasjert og ville det beste for bygdene og folket her.


Både då han var lærar, rådgjevar og rektor ved skulen her på Ostereidet var han ein garantist og pådrivar for eit godt samarbeid mellom skule og idrettslag.


Heidra
I 1977, ved idrettslaget sitt 25-årsjubileum, var Kåre mellom dei fem første som fekk laget sitt heidersteikn. Dei andre var Kristian Bjørge, Leiv Eidsnes, Bjørn J. Bjørsvik og Olav Fyllingsnes. Olav døydde for tre år sidan. 


Kåre fekk i 1981 friidrettsforbundet sin diplom for administrativ innsats. I tillegg til innsatsen i idrettslaget var han i åra 1966-68 nestleiar i Hordaland friidrettskrets.


Trimmaren

Kåre trimma for å halda deg i form, seinast på nyåret i år var han innom styrketreninga i tilfluktsrommet i Idrettsbygget. Han treivst godt der saman med andre idrettsveteranar.


Meir enn idrett

I tillegg til arbeidet sitt i skulen og innsatsen for idrettslaget, har Kåre delteke i mykje anna i bygdene våre og kommunen. Han har vore i kommunestyret (for Høgre), eldrerådet, aktiv i pensjonistlag og songkor for å nemna noko.


Vert sakna

Kåre var til det siste oppteken av idrettslaget og vilkåra for idretten i området vårt. Då eg snakka med han i siste halvdel av juli, gledde han seg over at friidrettsbana endeleg har fått nytt dekke på løpebana. Og han håpte at idrettshallen kjem på plass om få år og kan gje ny inspirasjon.


Takk for den store innsatsen din, initiativa du tok, inspirasjonen og all støtte og oppmuntring du gav oss. Me saknar deg alt!


På vegner av Eikanger IL

Stanley Hauge



Ein heidersmann i idrett og handel er gått bort

Postet av Eikanger Idrettslag den 6. Aug 2015




Møbelhandlaren og idrettsmannen Olav A. Fyllingsnes frå Eikangervåg døydde 19. juli om lag 75 og eit halvt år gamal. 28. juli vart han etter samling i Ostereidet kyrkje gravlagd ved Hjelmås kapell.

Møbelhandlaren
Praktisk tala heile sitt yrkesaktive liv har Olav vore i møbelbransjen. Medan han arbeidde hjå Georg Eknes på Eknes starta han som møbelseljar på fritida. Etter nokre år vart møbelsalet fulltidsjobb og han etablerte eige firma. Fyllingsnes Møbelsevice var i 1979 eitt av dei første firmaa som etablerte seg i Knarvik senter. Og då butikken, no under namnet Fagmøbler – Fyllingsnes Møblar, voks ut av lokala der vart det flytting til Fossbygget på sørsida av E39 i Knarvik. Roleg, sindig og tillitsvekkjande var Olav alltid klar til å ta imot kundane – service var varemerket hans.

Starta Eikanger IL
Tolv og eit halvt år gamal var Olav ein av ti gutar som 1. mai 1952 skipa Eikanger idrettslag. Han utmerka seg snart i fleire idrettar. Først og fremst i friidrett og på skeiser. Han var også ivrig friluftsmann og hjortejeger.

Allsidig
Det var særleg i kastøvingane Olav hevda seg, men han hadde også flotte resultat i stavhopp og lengde. Med resultat som 44,25 i sleggje, 39,49 i diskos og 13,20 i kule ville han også no ha hevda seg mellom dei beste i Hordaland. Han presterte også 6,38 i lengde, 3,41 i stavhopp, 1,68 i høgde og 12,82 i tresteg.

KM-titlar vann han både som junior, senior og veteran. I Eikanger IL har han framleis klubbrekorden i diskos med 39,49.

På skeiser var han mellom dei beste her i distriktet med personlege rekordar som 46,5 på 500m og 2.32,5 på 1500m – begge oppnådde på Vikavatnet i 1963.

Leiar
I fire år på 1960-talet var Olav leiar i Eikanger IL. Han var også ein av dei ivrigaste til å stilla opp i dugnadsarbeid for laget. I 1977 var han mellom dei fem første som vart tildelt Eikanger IL sitt heidersteikn.

Det gledde Olav at sonen Håkon følgde i yrkessporet hans og overtok ansvaret for drifta av møbelbutikken. Olav sjølv heldt fram med å arbeida der så lenge helsa tillet det. Dei siste åra vart det gradvis mindre. Søndag 19. juli sovna han inn med familien samla kring seg.

Minnesamvær
Etter gravferda var over hundre personar samla til minnesamvær i Hagellia Matstove. Det vart ei god stund der naboar og vener mintest Olav og viste omsorg og medkjensle med kona Solveig, borna Håkon og Monica og familiane deira.

«Takk, du heidersmann i idrett og handel», stod det på sløyfa på kransen frå Eikanger IL. Det er slik me minnest deg, Olav. Kvil i fred!

Oversikt over Olav sine personlege rekordar (pdf-fil)

Stanley Hauge - 6. august 2015