Vinterkarusellen startar att laurdag 24. oktober

Postet av Stanley Hauge den 4. Okt 2020

Vinterkarusellen på Eikanger startar med ny sesong laurdag 24. oktober. Ved dette løpet vert det også premieutdeling for sesongen 2019-2020.

Nyleg skreiv me at første løpet skulle gå 17. oktober, men på grunn av anna tilskiping på Eikanger skule denne laurdagen, må starten på ny sesong utsetjast ei veke.

Løpsopplegget vert som vanleg med løypa rundt Eikangervågen. Påmelding frå ca. kl. 14.20 og start for løpsklassen kl. 15.00. Deltakarar utan tidtaking startar straks dei er påmelde.

På grunn av koronasituasjonen må me tilpassa arrangementet litt, og kjem tilbake med informasjon om  dette.

For oversikt over premiering frå førre sesong med meire, sjå:

Premieutdeling og karusellfinalen til hausten

Løpsdatoar
Løpsdatoar før jul: 24. oktober, 14. november og 12. desember.

Løpsdatoar etter nyttår: 9. januar 2021, 6. februar, 13. mars og kanskje 17. april.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.