Braksiger til Eikanger IL G13 på heimebane!

Postet av Eikanger G13 (2011) den 27. Apr 2024

Laurdag 27. april kl 13.00 møtte Eikanger IL, G13, Bergen Nord 2 på Ostereidet Idrettspark. Laget spelte 9`er kamp og stilte med spelarar frå G11, G12, G13 og G14. Den samansetninga fungert fantastisk. Det var også tre brødre som spelte på same laget idag. 


I dag vart det ein bunnsolid seier for gjengen. Det var god innsats på alle og dei hadde full fokus til siste sekund. Trenarane er spesielt imponert over dei fem yngste spelarane, som gjorde ein kjempeinnsats i dag, og gav jernet. Knallgøy å sjå. Eikanger-laget vann til slutt 12-0 over Bergen Nord 2. Laget vårt toppar no tabellen med sine tre strake sigrar. Gratulerer!

 

Neste kamp er torsdag 2. mai kl 18.30, då møter Eikanger IL, G13, Åsane 3 på heimebane.



G13 vann over Kvernbit på bortebane

Postet av Eikanger G13 (2011) den 19. Apr 2024

G-13 Eikanger reiste til Fossemyra kunstgras torsdag 18. april i 2. seriekampen sin, for å jakte ein ny 3-poengar.

På andre sida stod eit Kvernbit-lag, som tapte første kamp og gjerne ville ha alle tre poenga i første heimekampen sin. 

 

Eikanger G13 fekk dessverre fråfall på tre spelarar grunna sjukdom og skader, berre nokre timar før kamp. Heldigvis hadde G12-laget tre spelarar som kunne, og ville, stille på kort varsel. Det var ikkje vanskeleg å sjå at dei ville vise seg fram frå si beste side, for dei leverte ein veldig god kamp, alle saman. Dei gjekk til i duellane og spelte som ein skulle tru dei høyrde til laget. (Takk for at de stilte opp!) Eikanger gjekk hardt ut frå start og allereie før første minutt var gått, skåra Brian på eit flott langskot frå venstrekanten. Ein merka at den gode starten gav laget energi og sjølvtillit, så sjølv om gutta møtte eit Kvernbit-lag som spelte seg ut bakfrå, og var gode med ball, så var Eikanger heile tida tett i mann og forstyrra dei, så dei ikkje fekk til spelet sitt. Kampen var ganske jamn og det vart ein del sjansar begge vegar, men Eikanger ville mest, så etter 15 minutt skåra spissen, Syvert, og laget dobla leiinga. Eikanger fortsette å jobbe knallhardt over heile bana, dei ville verkeleg vinne denne kampen og det viste dei med å skåre to mål til før pause.


 

4-0 til pause og gjengen var veldig engasjert i pausepraten, det er noko som trenarane set veldig pris på. Vi var einige om å fortsette på same måte i 2. omgang, vere aggressiv og ta vare på sjansane som ein fekk. Starten på 2. omgang var jamn og det var mykje fint spel frå begge lag. Kvernbit hadde sine sjansar, men ein god keeper og eit bunnsolid forsvar, stoppa forsøka frå Kvernbit.

 

På andre sida ville Eikanger ha fleire mål, og laget vann til slutt solide 8-0. Ein veldig godt gjennomført kamp av Eikanger, sjølv om resultatet lyg litt. Men kampen viser kor mykje innsats og vilje betyr i fotball. Dette er den beste kampen laget har spelt og fortset laget slik som dette, så kan dei slå kven som helst.

 

Neste kamp er mot serie-leiarane, vi ønsker Bergen Nord 2 velkommen til Ostereidet lørdag 27. april.

https://www.bt.no/lokalfotball/i/al1kp5/eikanger-soerget-for-maalfest

Referat Richard Toft 

og Ann Kathrin Espevoll



Seier i sesongstarten på heimebane mot Arna-Bjørnar 2

Postet av Eikanger G13 (2011) den 11. Apr 2024

Knallstart på sesongen for gutta! I dag gjekk G13-gutta ut med ein knallgod innstilling og tok tak i kampen frå starten av. Gutta vann det meste av duellar og dei pressa høgt heile kampen.

Det var kjekt å sjå at mange fekk vist sitt beste i dag, -og me fekk mange forskjellige navn på scoringslista. Det vart 9 skoringar totalt. Seier 9-1 til Eikanger IL G13! 

Spelarane var gode på å holda posisjonane sine og spelte veldig godt saman som lag!


Med open kiosk, godt publikum, fin temperatur og opphaldsvèr, var det fine rammer rundt kampen for G13-gjengen idag. Vi gler oss til neste kamp mot Kvernbit på bortebane torsdag 18.april. 

Neste heimekamp vert mot Bergen Nord 2, laurdag 27.april kl13.00. Vel møtt!


Desse spelte: 

Benjamin P. Eidsheim, Andreas M. Haugland og Aksel Dayi Nepstad frå G12. 

Skrive av Stian Stall

& Ann Kathrin Espevoll