Intensivkurs i svømmeopplæring

Lagt ut av Anders Eidsnes den 11. Aug 2019

Eikanger Idrettslag har den gleda av å kunne tilby svømmeopplæring i Ostereidet Basseng frå 25. april 2022. Vi vil følgje Norges Svømmeforbund sin nasjonale plan for svømmeopplæring.

Eikanger Idrettslag vil bruke www.tryggivann.no til påmelding og kursoversikt. De vil her finne informasjon om korleis kursa er bygd opp, og kva måla for dei ulike kursa er. Vi kan tilby kurs frå Vannmerket og opp til Selungen. Det vil vere ein hovedinstruktørar pr gruppe samt hjelpetrenarar som alle har gjennomført begynnerinstruktørkurs av Norges Svømmeforbund.

  • Bilderesultat for svømme barn
  • Det er ulike kurs med start frå kl 16.30
  • Kurset vert halde fom veke 17 tom 20. 
  • Kursdag mandag og onsdag, i veke 20 vert det onsdag og torsdag.
  • 30 minutt på kvar gruppe
  • maks 5 born pr. instruktør
  • barn frå 5 år
  • pris kr 500,-

Det vert lagt opp til at føresette er med barnet sitt i garderoben om lag 15 minutt før kursstart. Barnet vert overlevert til instruktør, og vert henta igjen etter 30 min. 

For å verte trygg i vatn, følgjer vi Norges Svømmeforbund sin kursstige som inneber desse ulike kursa:

  1. Grunnkurs: Vannmerke: Vasstilvenning, lære å tole vassprut o.a.
  2. Kval: Kunne dykke utan svømmebriller/dykkarmaske, hente gjenstand
  3. Skilpadde: Kunne flyte som pil på mage og rygg
  4. Pingvin: Kunne gli i vatn med linjeholdning og crawlbeinspark
  5. Selunge: Kunne svømme crawl på mage og rygg 12,5 meter

Vi håpar at mange ønskjer å melde barnet sitt på svømming denne våren. Gå inn på www.tryggivann.no, registrèr deg og meld på bornet på denne nettsida. Første mann til mølla 😊

For å finne rett kurs for ditt born, kan du lese følgjande spørsmål:

 
 
1. Er barnet særs skeptisk til vatn?

Ja: Meld på Vannmerket
 
Nei: Vidare til neste spørsmål

2. Er barnet litt skeptisk til vatn?

Ja: Meld på Kvalmerket

Nei: Vidare til neste spørsmål

 

3. Er barnet komfortabelt med å ha hovudet under vatn utan svømmebriller?

Nei: Meld på Kvalmerket
 
Ja: Vidare til neste spørsmål

 

4. Kan barnet hente gjenstand på 1m djupt vatn utan svømmebriller? Hoppar frå bassengkanten aleine?

Nei: Meld på Kvalmerket
 
Ja: Vidare til neste spørsmål

5. Kan barnet flyte på mage og rygg utan hjelp i minst 15 sek (med øyrene under vatn uansett posisjon)?

Nei: Meld på Skilpaddemerket
 
Ja: Vidare til neste spørsmål

6. Kan barnet svømme crawlbeinspark på mage og rygg over 10 m utan hjelp?

Nei: Meld på Pingvinmerket
 
Ja: Vidare til neste spørsmål

7. Kan barnet svømme 15 m crawl og 15 m ryggcrawl?

Nei: Meld på Selungemerket
 

 

Vi gler oss. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.

Helsing begynnerinstruktørar

Leiar for svømmeskulen Torill Persson Solli 99546423


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste frå Anders Eidsnes