Skade og forsikring
Fysisk aktivitet førebyggjer skadar og gjer oss sterkare til å tåla fysiske påkjenningar. Me vert endå motigare. Men av og til førekjem skadar under vegs. Her følgjer rutina for kva trenarar/lagleiarar skal gjera i slike tilfelle.
Når skade oppstår skal du først og fremst ta deg av den skadde. På alle treningar, utan unntak, skal det vera førstehjelpsutstyr. Ring
1 1 3 først som sist! Ikkje nøl med det. Leiar for gruppa di (fotball, friidrett, ski, trim, idrettsskulen) skal informerast straks. Dette er eit trenar-/lagleiaransvar.
Ved skade skal du gjera følgjande:Skrubbsår og andre enkle ting skal ikkje rapporterast. Muskulære ting, pustevanskar, besvimelse og brot skal rapporterast skriftleg frå gruppene inn til xxx@eikangeril.no eller på telefon til leiar/nestleiar i laget snarast.
Til og med året barnet fyller 12 år er det Gjensidige barneidrettsforsikring som behandlar eventuell forsikringssak.
Alle må kjenna forsikringa si – les om forsikringane