Alle må kjenna forsikringa si

Born til og med 12 år

Alle born som er medlem av Eikanger idrettslag, er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund sin avtale med Gjensidige barneidrettsforsikring.

Alle born har godt av å driva organisert idrett. Det byggjer opp kroppen, samtidig som barnet opplever samhald, meistring, siger og tap. Men aktive born er også utsette for idrettsskader. Difor er alle som er med i lag som er tilslutta Norges idrettsforbund dekka av forbundet sin forsikringsavtale med Gjensidige barneidrettsforsikring.

Forsikringa gjeld til og med det året ein fyller 12 år (dvs. til den dato dei fyller 13 år), og det er NIF som betalar forsikringspremien.

Forsikringa gjeld barn som er medlemer i laget, trenarar og leiarar og dommarar for barn under 13 år når dei leiar eller dømmer kamp eller driv trening med borna i klubben sin regi. Også born som ikkje er medlem i klubben, men som er med i organisert aktivitet i laget sin regi er dekka.

Idrettsskulen
Den obligatoriske barneidrettsforsikringa omfattar også alle som er med på idrettsskulen, sidan laget er medlem i Norges idrettsforbund.

Kva gjeld forsikringa?

  • Idrettskadar som skjer brått i samband med organisert idrettsutøving.
  • Ulukkesskade i under reise og opphald i samband med organisert idrett.
  • Gjeld under konkurransar, stemne og oppvisning, under organisert trening på bane og i hall.

Full oversikt over vilkåra finn du på heimesida til Gjensidige

Korleis melda frå?

Skjer det ein idrettsskade som dekkast av forsikringa kan du fylla ut eit eige skjema.

Alle skadar må meldast elektronisk.

Skadeskjema:

http://www.idrettshelse.no/skadeskjema

(For skadar skjedd før 01.01.2015: Bruk if skadeskjema)

Idrettens skadetelefon: 02033

All diagnostisering og behandling utover akuttbehandling skal bestillast av Idrettens Skadetelefon, utan dette fell retten til erstatning bort:

http://www.idrettshelse.no/skadetelefon

Les meir om Gjensidige barneidrettsforsikring:

https://www.gjensidige.no/privat/meld-skade/barneidrettsforsikring

Born frå 13 år

Gjennom særforbunda forsikrar Eikanger idrettslag borna gjennom lisensar som vert betalte til særkrinsane. Det skjer frå og med det år dei fyller 13 år.

Seniornivå
På seniornivå må alle registrera seg med individuell forsikring (som til vanleg er ein del av lisensordningar). Dette gjeld altså også for juniorar som deltar på seniornivå, til dømes på A-laget.

Idrettslaget sine tilleggsforsikringar (MÅ SJEKKAST!!!)

I tillegg til forsikringa gjennom NIF har Eikanger idrettslag eigne forsikringar gjennom Gjensidige.

Ansvarsforsikringa dekkjer skade på personar – i idrettslaget sin regi. Vilkåret er at laget kan lastast for skaden. Får laget krav mot seg, vender ein seg til Gjensidige sine advokatar som vurderer erstatningsansvaret, viss laget kan klandrast blir det utbetaling, er det hendelege uhell kan ein ikkje venta å få erstatning.

Ulukkesforsikringa for born og vaksne gjev ei utbetaling på inntil 100.000 kroner ved 100 prosent invaliditet.

Her kan det verta endringar. Hovudstyret skal gjennomgå forsikringane på første møte i starten av april, og vil då vurdera andre alternativ.

PS: Som ein ser av vilkåra er det ikkje så store summar forsikringane dekkar ved alvorlege skader, så sjølvsagt bør foreldra vurdera å ha eigne forsikringar på borna i tillegg til forsikringa i tilknyting til laget.


Kontaktar og lenkjer

Vilkår barneforsikring

Skadeskjema

Idrettens skadetelefon: 02033