Anlegga
Eikanger IL disponerer
Ostereidet idrettspark
![](https://content.bloc.net/Photo/Original/2015/5/19/20150519144758362922-42.jpg)
Hovudaktiviteten til Eikanger IL skjer på Ostereidet der idrettslaget disponerer og brukar desse anlegga.
Kunstgrasbana Kunstgrasbana vart opna 19. mai 2001.
Det planerte arealet er på 72 m x 110 m inkludert tryggingssoner.
Fotballbana er på 100 m x 64 m
Treningsbana (grusbana)Treningsbana (grusbana) vart opna sommaren 1975. Opningsstemnet i friidrett var lagkamp mot Breim IL 6. august 1975.
Anlegget har ei grus fotballbane og ei rundløpsbane med raudstubb.
Løpebana er på 293,3 m med fire baner rundt. På eine langsida er det eit felt på 120 meter med seks løpebaner. Bana har også felt for hopp og kast
![](https://content.bloc.net/Photo/Original/2015/5/19/20150519145307832770-42.jpg)
SandvolleyballbaneI forlenginga av kunstgrasbana vart det i 2014 opna ei sandvolleyballbane.
![](https://content.bloc.net/Photo/Original/2015/5/19/20150519145420244618-42.jpg)
IdrettsbyggetIdrettsbygget på Ostereidet, som vart opna i 1975, inneheld gymnastikksal (10 m x 20 m) og symjebasseng (12,5 m). I tilfluktsrommet i kjellaretasjen er det lagt til rette for styrketrening m.m.
Sekretariat/stemnekontorSekretariat/stemnekontor vart i 1983/84 bygd i forlenginga av bygningen til Ostereidet ungdomsskule. Dette er ei samlingspunkt for styremøte m.m. i laget.
Gymnastikksalar ved skulaneGymnastikksalane ved barneskulane i området til idrettslaget vert brukte til trening. Det gjeld no skulane på Kløvheim og Eikanger.
Skianlegg på GamlesætraSkianlegget på Gamlesætra i Romarheimsdalen vart teken i bruk vinteren 1990/91. Løypa er seinare rusta opp og er på ca. 3,5 km med lysanlegg. Løypa er no under vidare utbygging.
Anlegga-EIL-historia-Nett.pdf (pdf)