Organisasjonsplan Eikanger IL 2015
Økonomi: Kvar gruppe lagar framlegg til eige budsjett som inngår i laget sitt totale budsjett.
Gruppene er ansvarlege for å halda seg innanfor sitt tildelte budsjett. Gruppene skriv årsmelding for si gruppe til laget sitt årsmøte.Styret er ansvarleg for laget sitt budsjett og å laga framlegg til budsjett til årsmøtet.Styret skriv årsmelding for laget.
Drift av laget: - Gruppene driftar seg sjølv innanfor sine område. Saker som vedrører eller bind heile laget skal avklarast med styret.
- Styret er ansvarleg for drift av laget mellom årsmøta.
- Styret skal bistå gruppene når det er behov og ønskjeleg ut frå styret sitt ansvar.
- Styret tar initiativ til felles konstitueringsmøte rett etter årsmøte for å sikra at alle kjem i gang.
- Det skal vera minst to fellesmøte mellom styret og gruppeleiarane i løpet av året. Ligg det til rette for det kan heile gruppestyret vera med på eitt av møta. Dette er for å auka samhaldet og kjennskap til kvarandre sine oppgåver.
Organisasjonsplan for Eikanger Idrettslag (1).pdf Avklaring roller EIL 2015.pdf