Om Eikanger idrettslag
Eikanger IL vart skipa 1. mai 1952.
Eikanger IL er idrettslaget for folk i Ostereidet ungdomsskulekrins pluss Leiknes-krinsen. Men også folke frå andre stader er velkomne som medlemar.
I Eikanger idrettslag skal det vera plass til alle. Gjennom medlemsskapet i idretten sine organisasjonar er dette ei plikt idrettslaget har, men det er sjølvsagt også ei glede for oss som driv i laget å kunna strekkja oss for å gje alle eit godt tilbod.
For tida omfattar Eikanger IL sine aktivitetar
- fotball
- friidrett
- idrettsskule
- ski
- trim med desse aktivitetane
- volleyball
- orientering/turorientering
- trim for veteranar (populært kalla «gubbetrim»)
- bading/symjing
- aerobic
Du finn meir informasjon om dei enkelte idrettane under menypunktet «Grupper».
Styre for Eikanger ILStyret, som vert valt på årsmøtet i laget, er ansvarleg for drifta av Eikanger IL. Styret har fem medlemer og ein varamedlem. Styret har også knytt til seg ein person som fungerer som kasserar.