Koronatiltak stoppar karusellen 14. november

Postet av Stanley Hauge den 6. Nov 2020

Den planlagde vinterkarusellen på Eikanger laurdag 14. november må dessverre gå ut på gunn av koronatiltaka som er innførde for bergensområdet inkludert Alver kommune. Men me håpar det kan verta karusell som planlagt 12. desember.

Dei nye reglane som gjeld set stopp for breidde-idrettstevlingar for alle over 20 år, og det er heller ikkje lov å arrangere tevlingar for born ogh unge. I denne omgang gjeld dette i tida fram til 23. november.

Dersom ikkje desse reglane vert forlenga utover i desember, tek me sikte på å arrangera vinterkarusell laurdag 12. desember.

Ver ved godt mot og trim godt på eigahand framover. MEN HUGS: Hald god avstand, minst ein meter både med og utan munnbind. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.