50-årsminne: Supert jentelag vann Brekkestafetten

Lagt ut av Stanley Hauge den 13. Jun 2021

Det sterke jentelaget frå 1971. Frå venstre Marith Høyland Haugen, Lise Hårklau Holsen, Marit Høyland, Liv Ingunn Hauge Holvik, Nina Hosøy Fossdal.


I slutten av mai var det 50 år sidan Eikanger IL sitt jentelag vann Brekkestafetten. Dei fem jentene på laget var: Nina Hosøy Fossdal, Liv Ingunn Hauge Holvik, Marit Høyland, Lise Hårklau Holsen og Marith Høyland Haugen.

I 1971 var det første gong Eikanger IL stilte med jentelag i stafetten i Brekke. Laget stilte såleis i klasse B. Men vinnartida deira på 3.58,4 var best av alle laga som stilte til start.

 Eikanger IL har knapt hatt sterkare jentelag nokon gong. Desse jentene finn ein den dag heilt i toppen av bestelistene i idrettslaget. Framleis har dei fleire klubbrekordar. Og alle fem  er framleis mellom dei ti beste på 60 meter i Eikanger IL si historie.

 Stafetten i 1971
I klubbavisa frå juni 1971 er løpet omtala slik: «Marith Høyland (15 år) sprang første etappe og skaffa oss ein ledelse på 5-6 meter. Dessverre vart det litt kluss i vekslinga så vi mista denne ledelsen, men Marit Høyland (13 år) sprang bra på andre etappe og vi veksla som nr. 2. Liv Ingunn Hauge (12 år) tok på 3. etappen inn heile forspranget som laget framfor oss, Gneist, hadde. Nina Hosøy (11 år) fekk stafettpinnen om lag samtidig som Gneist si løperske på fjerde etappe. Ved siste veksling låg vi nokre meter etter Gneist, men Lise Holsen (14 år) leverte eit gnistrande løp på den 330-meter siste etappen, og vi vann med vel to sekunds margin til Gneist.» 

Kommentarar 50 år seinare

Marith Haugen: Har berre kjekke minner frå denne tida, og sjølvsagt var det stas å vinna! 

Nina Hosøy: Hugsar godt denne dagen. Nye piggsko og svært stolt av å vera på lag med dei «store» stjernene Marit og Lise. Eg gav alt, og då min etappe var ferdig plukka Stanley meg opp og tok meg trygt attende til start/målområdet.   

Liv Ingunn Hauge: Ja det var tider det. Og vi ser kjekke og greie ut på bildet. Eg har teke fram permen min «Min idrettshistorie», men der står berre dato, tid og lag. Eg hugsar ikkje noko spesielt frå denne stafetten. Hugsar berre at i den tida var vi på stemner og stafettar ganske ofte. Mykje moro og ei artig tid. 

Lise Holsen: Utruleg at det har gått 50 år, det kjennes ikkje slik ut. Eg hugsar diverre ikkje så mykje av akkurat denne stafetten. Det vart mange stemner og reiser i desse åra, så det er ikkje så lett å skilje ut dei ulike stemna. Men det eg i alle fall hugsar var at eg meiner min etappe var noko lenger enn dei vanlege sprintløpa eg var best i, og at eg var nervøs for om eg ville halde ut heile etappen på ein god måte. Men det må nok ha gått bra likevel, sidan vi gjorde det så godt som lag. Kjensla er alltid god når laget ein er på, lukkast. For meg, endå betre enn når ein vinn åleine, slik det ofte er i friidretten.

Statistikk
Arvid Hauge har utarbeidd statistikk over friidrettsresultat i Eikanger IL frå starten i 1952 til og med 2020. Nedanfor kan du klikka deg inn på statistikken for kvinner. 

EIKANGER IL - BESTE GJENNOM TIDENE KVINNER.pdf

Tekst: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline