Superveteran Einar Færø med sterke løp

Lagt ut av Stanley Hauge den 7. Sep 2021

Einar Færø i Eikangerløpet på Ostereidet hausten 2020. Nikolai, som også sprang fort i Knarvikmila, kjem rett bak Einar her – men har nok eit par rundar att.

Superveteranen Einar Færø har i sommar og haust levert ei rekkje sterke løp. Han har vunne NM i motbakkeløp, 5 km i Knarvikmila i MV65-69. Og han har vore nær dei norske veteranrekordane på 1500m og 5000m.

I NM i Førde 28. august vann han klassen sin i motbakkeløp på tida 51.52, nesten fire minuttar føre nummer to. 

Knarvikmila
I helga vann han 5 km i Knarvikmila på 18.22,2. I same klassen vart Steinar Haukås nr. 6 med tida 26,22,0, medan ein skada Gunnar Hauge vart nummer 11 på 37.34,0.

Ei rekkje andre løparar frå Eikanger IL oppnådde også fine resultat i Knarvik. Jo Harald Færø, leiaren i friidrettsgruppa vår, vart nr. 1 i 11 km ekstrem på 53.21,2 klasse MV 35-39. Broren, Magnus Johan Færø, vart nr. 3 i klasse M22-34 på 11 km ekstrem på 53.47,8 og han vart nummer fem på10km på 35.06,5.

Nikolai Færø vart nummer to i klasse M 35-29 på 5 km på 22.29,7.

Asbjørn Eidsheim var best i klasse MV75-79 på 10 km på 58.37,6.

I klasse kvinner 35-39 år vart Camilla Hauge nummer seks på 5 km med 30.38,7.

Sterke baneløp
Einar Færø sprang 5000m på bane på 18.31,08 på Osterøy 28. juni. 11. august deltok han i Arna på 1500m og fekk tida 4.59,88. Begge tidene er berre nokre sekund unna dei norske bestenoteringane i veteranklasse 65-69 som Gunnar Gaulen noterte i 2007 (4.57,81 og 18.26,23). Så om Einar spring 5000m på bane like fort som han noterte på 5 km i Knarvik (18.22,2) så vert bestenoteringa hans.

Maraton
Bjørnar Eidsheim deltok i Bergen City Maraton 28. august i klasse MV 50-54. Han fekk tida 3.27,41. 

Tekst og foto: Stanley Hauge



0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline