Eikangerløpet 26. september på Ostereidet

Postet av Stanley Hauge den 10. Sep 2021

Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 26. september kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 42. gong.

Påmelding kan skje frå kl. 14.15 løpsdagen eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan laurdag 25. september kl. 12.00. Startkontingent kr 100,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536

Koronatiltak
På grunn av koronasituasjonen vert det ikkje opne garderobar, men toaletta vert opne. Alle som er til stades i baneområdet løpsdagen må registrera seg med adresse, telefonnr./e-postadresse og heimkommune. Det vert lagt ut eiga liste for dette i sekretariatet.

Litt om løpet
Dette løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men høver også godt for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana. Løpsforholda på raudstubbana på Ostereidet er gode så sant veret er ok. 

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 16 deltakarar.

Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Bertine Helene Færø som har rekorden med 18.05,1 frå 2020. 

Arvid Hauge har vore med 40 gonger og Inge Nævdal 33 gonger. Elles har Sverre Solberg 28 og Bjørnar Eidsheim 27 startar, Gunnar Hauge 23 og Sigmund Nævdal 20. 

Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.

Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.