Karusellstart laurdag 23. oktober på Eikanger

Postet av Stanley Hauge den 12. Okt 2021

Laurdag 23. oktober går første løp i vinterkarusellen 2021-22 på Eikanger. Me legg opp til tre løp før jul og fire etter nyttår. Påmelding frå kl. 14.15. Start kl. 15.00 for dei som spring på tid.

Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule. 

Startkontingent

Born til og med 15 år                                                kr 25,-
Vaksne                                                                      kr 50,-
Familie                                                                      kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2006 og seinare)

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Denne sesongen vert det halde 7 løp:
23. oktober, 13. november, 11. desember, 8. januar 2022, 5. februar, 12. mars og 9. april.  

Premiering 
 Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.

Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.

 Medaljar vert delte ut slik:

6-7 startar: Gull

4-5 startar: Sølv

3 startar: Bronse

 Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.