Vinterkarusell laurdag 12. mars på Eikanger

Lagt ut av Stanley Hauge den 6. Mar 2022

Neste karusell på Eikanger vert laurdag 12. mars til vanleg tid. Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen presis kl. 15.00.

Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.


Løpsdatoar

Denne sesongen vert det halde 7 løp: 23. oktober, 13. november, 11. desember, 8. januar (avlyst) 2022, 5. februar, 12. mars og 9. april. Nytt løp vert 30. april.


Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.


Startkontingent

Born til og med 15 år       kr 25,-

Vaksne                            kr 50,-

Familie                            kr 100,-

(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2006 og seinare)


Premiering 
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.


Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.


 Medaljar vert delte ut slik:

6-7 startar: Gull

4-5 startar: Sølv

3 startar: Bronse 


 Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.


Me oppmodar alle til å trena og trimma godt framover. Fysisk aktivitet gjor godt både for kropp og sjel. Men hugs: hald god avstand.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.