70-årsjubileum med karusellfinal, sjå oppdatert program

Lagt ut av Stanley Hauge den 20. Apr 2022


Eikanger IL kan feira 70-årsjubileum 1. mai. Det vert markert på Eikanger skule med finale for vinterkarusellen og ei enkel jubileumsfeiring. Oppdatert program, sjå lenkje.


Program-jubileumsløp.pdf


To av ei ti gutane som var med på å skipa Eikanger IL i Bøndernes hus oppe i Eikangerbrekkene 1. mai 1952, vert med på jubileumsmarkeringa. Det er første leiaren i laget, Kristian Bjørge (foto under), og Leiv Eidsnes som vil fortelja kort om korleis laget vart til.


Det første valet av leiar i Eikanger IL skjedde med konkurranse i høgdehopp. Og det var nettopp dei to karane Kristian og Leiv det stod mellom til slutt. Kristian sigra og vart leiar, eit verv han hadde i sju år – så overtok Leiv. Kanskje dei to kan fortelja om denne konkurransen på utstillingsplassen.


Det avsluttande karuselløpet for sesongen vert som vanleg rundt Eikangervågen med både trim- og løpsklasse. Alle som har delteke i minst tre løp denne sesongen får medalje, og ei rekkje personar skal ha premie for mange startar. Sidan det er eit jubileumsløp vert det også litt utvida premiering, både uttrekt på tartnummer og til dei tre raskaste menn og kvinner.


Det vert enkel servering til alle frammøtte, både litt mat, snop og drikke.


Ny parkering
Vegen inn til skulen på Eikanger er no rusta opp og det bygd ein ny parkeringplass før innkjøringa til skulen. Fyll opp denne først, før me tek i bruk skuleplassen.


Karusellen 1. mai

Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen presis kl. 15.00.


Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.


Startkontingent

Born til og med 15 år       kr 25,-

Vaksne                            kr 50,-

Familie                            kr 100,-

(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2006 og seinare)


Premiering 

Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Sidan det er jubileumsløp vert det litt ekstra premiering. 

Det vert også premiar til dei tre raskaste kvinne og mann i jubileumsløpet.


Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.


Sjekk kor mange gonger du har delteke denne sesongen


Medaljar vert delte ut slik:


6-7 startar: Gull

4-5 startar: Sølv

3 startar: Bronse 


Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.


Tekst og foto: Stanley Hauge


Frå premieutdelinga etter jubileumsløpet for karusellen – 40 år – i desember 2019. (Foto: Anders Eidsnes).






Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.