Heidersteikn til Audun og Gunnar Stusdal

Postet av Stanley Hauge den 2. Mai 2022


HEIDERSMEDLEMAR: Gunnar Stusdal (t.v.) og Audun Stusdal. PS: Litt i slekt, men ikkje brør.

Audun Stusdal og Gunnar Stusdal vart tildelte Eikanger IL sitt heidersteikn ved markeringa av 70-årsjubileet til laget søndag 1. mai.

Audun Stusdal fekk utmerkinga for mangslugen innsats i idrettslaget i meir enn 50 år. Gunnar Stusdal har vore aktiv i skimiljøet i Eikanger og Nordhordland i meir enn 40 år.


Leiar i Eikanger IL, Robert Lorang Hansen, stod for overrekkinga under jubileumstilskipinga på Eikanger søndag 1. mai.


Leiar i Eikanger IL i jubileumsåret, Robert Lorang Hansen (t.h.), overrekte blomar til første leiaren i laget, Kristian Bjørge (nr. 2 frå høgre), dei to nye heidersmedlemane Audun Stusdal og Gunnar Stusdal, og til Leiv Eidsnes (t.v.) som også var med då laget vart skipa i1952.

Gunnar Stusdal har vore leiar, nestleiar og medlem i skigruppa i laget i fleire tiår. Lysløypa på Gamlesætra i Romarheimsdalen, opna i 1990,  ligg på Gunnar sin eigedom. Han var sentral i arbeidet med å få utvida løypa. Han har i heile perioden sidan løypa vart teken i bruk vore ei drivkraft og ein krumtapp med å halda løypa bruksklar så sant snøtilhøva tillet det.


Audun Stusdal har frå 1969 hatt ei rekkje verv. Han har vore med i skigruppa og friidrettsgruppa. Størst innsats gjorde han i økonomgruppa der han var leiar eitt år og medlem i nesten ti år. Han har vore konferansier ved ei rekkje tilskipingar som Osterfjorddagane, Storset opp og jubileumssamkomer. Like eins har han vore domar og funksjonær ved friidrettstemner. Han har også ein aktiv karriere i friidrett. Som 14-15 åring var han mellom dei fremste gutane i laget. I 1970 var han med på laget som sette klubbrekord på 1000m stafett.


I år er det 17 år sidan førre gong EIL sitt heidersteikn vart delt ut. Kanskje (truleg) er det fleire fortente kandidatar. Her er det opp til gruppene i laget å koma med forslag på kandidatar.


Krav til kandidatar

Heidersteiknet kan tildelast person som har vore medlem i Eikanger IL i minst 10 – ti –  år, og som har utført framragande administrativt arbeid og/eller har framheva seg særleg i ei eller fleire sportsgreiner.


Medlemer som vert innstilte til heidersteiknet, må ha vist innsatsen sin for laget og dei sportslege føremål laget fremjar, på ein verdig og representativ måte.


Desse har fått tildelt Eikanger IL sitt heidersteikn:


1977    Kristian Bjørge

            Leiv Eidsnes

            Bjørn Jakob Bjørsvik

            Kåre Eide

            Olav Fyllingsnes

1978    Magnus Eidsnes

1979    Per Hølleland

1980    Stanley Hauge

1981    Terje Totland

1982    Atle N. Kirkekvik

1983    Leif Veland

1984    Svein Nesbø

1985    Sigmund Husdal

1986    Steinar Haukås

1992    Sylvi Askeland

            Kari Eidsnes

            Arvid Hauge

            Asle Hindenes

            Åsmund Kleiven

            Arvid Løndal

2002    Atle Austrheim

            Bjørn Dyrkolbotn

2003    Rune Marthinussen

2005    Grethe Titland

            Gunnar Hauge

2022    Audun Stusdal

            Gunnar Stusdal


Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.