Skulestemner med gode resultat

Postet av Stanley Hauge den 25. Jun 2022

60m 10.-klasse jenter


Heilt på tampen av skuleåret som nett er avslutta, arrangerte Ostereidet ungdomsskule friidrettsstemner for barne- og ungdomsskulen. Det vart oppnådd mange fine resultat.


Første stemnet var for 5.-7- klasse i barneskulen, med deltakarar frå Eikanger, Kløvheim, Leiknes og Ostereidet barneskular.


På 60m oppnådde 6.-klassingen Preben Arnstad Eide 9,0. I jenteklassane var det fleire som sprang under 10 blank både i 5.-, 6. og 7. klassen.


Resultat barneskulestemnet .2022.pdf


60m 10.-klasse gutar.


Ungdomsskulestemnet

8. klassingen Sondre Lund tok tre sigrar og ein andreplass. Han hadde mellom anna 9,58 med 4-kiloskula. Leon Veland i 10. klasse vann både 60m og kule og tok andreplass i lengde. Best resultat hadde han med 12,46 i kulestøyt med 5-kiloskula.


Tina Torsvik tok tre sigrar i 9. klassen med 8,8 på 60m, 3.12,1 på 800m og 3,95 i lengde. I kule vart det andreplass med 7,10. Denne øvinga vann Malin Marthinusen med 8,13 med 3-kiloskula.


Resultat ungdomsskulestemnet 2022.pdf


Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.