G13 vann over Kvernbit på bortebane

Postet av Eikanger G13 (2011) den 19. Apr 2024

G-13 Eikanger reiste til Fossemyra kunstgras torsdag 18. april i 2. seriekampen sin, for å jakte ein ny 3-poengar.

På andre sida stod eit Kvernbit-lag, som tapte første kamp og gjerne ville ha alle tre poenga i første heimekampen sin. 

 

Eikanger G13 fekk dessverre fråfall på tre spelarar grunna sjukdom og skader, berre nokre timar før kamp. Heldigvis hadde G12-laget tre spelarar som kunne, og ville, stille på kort varsel. Det var ikkje vanskeleg å sjå at dei ville vise seg fram frå si beste side, for dei leverte ein veldig god kamp, alle saman. Dei gjekk til i duellane og spelte som ein skulle tru dei høyrde til laget. (Takk for at de stilte opp!) Eikanger gjekk hardt ut frå start og allereie før første minutt var gått, skåra Brian på eit flott langskot frå venstrekanten. Ein merka at den gode starten gav laget energi og sjølvtillit, så sjølv om gutta møtte eit Kvernbit-lag som spelte seg ut bakfrå, og var gode med ball, så var Eikanger heile tida tett i mann og forstyrra dei, så dei ikkje fekk til spelet sitt. Kampen var ganske jamn og det vart ein del sjansar begge vegar, men Eikanger ville mest, så etter 15 minutt skåra spissen, Syvert, og laget dobla leiinga. Eikanger fortsette å jobbe knallhardt over heile bana, dei ville verkeleg vinne denne kampen og det viste dei med å skåre to mål til før pause.


 

4-0 til pause og gjengen var veldig engasjert i pausepraten, det er noko som trenarane set veldig pris på. Vi var einige om å fortsette på same måte i 2. omgang, vere aggressiv og ta vare på sjansane som ein fekk. Starten på 2. omgang var jamn og det var mykje fint spel frå begge lag. Kvernbit hadde sine sjansar, men ein god keeper og eit bunnsolid forsvar, stoppa forsøka frå Kvernbit.

 

På andre sida ville Eikanger ha fleire mål, og laget vann til slutt solide 8-0. Ein veldig godt gjennomført kamp av Eikanger, sjølv om resultatet lyg litt. Men kampen viser kor mykje innsats og vilje betyr i fotball. Dette er den beste kampen laget har spelt og fortset laget slik som dette, så kan dei slå kven som helst.

 

Neste kamp er mot serie-leiarane, vi ønsker Bergen Nord 2 velkommen til Ostereidet lørdag 27. april.

https://www.bt.no/lokalfotball/i/al1kp5/eikanger-soerget-for-maalfest

Referat Richard Toft 

og Ann Kathrin Espevoll


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.