Storset opp søndag 6. oktober
Postet av Stanley Hauge den 23. Sep 2019
Søndag 6. oktober vert Storset Opp arrangert for tredje gong. Motbakkeløpet for heile familien startar på dampskipskaien i Bjørsvik og har målgang lengst nord på Storset.
Ver med på trimfesten som samla fleire hundre store og små i 2017 og 2018. Ved å delta kan du vinna flotte premiar ved trekninga på startnummer. Alle deltakarane får t-skjorte.
Påmelding:
Registerer deg og dine på nettsida (lenkje nedanfor) og hent startnummer på Bjørsvikkaien.
Påmeldingsavgift:
Konkurranseklasse:
Over 16 år (fødd før 1.1.2003): 200 kr
Under 16 år (fødd etter 1.1.2003): 100 kr
Trimklasse:
Individuell påmelding 100 kr
Familie 250 kr
(maks 2 vaksne, og barn fødd etter 1.1.2001)
Start:
Trimklasse klokka 11:00-12:30
Fellesstart konkurranseklassar klokka 12:30
Praktisk informasjon:
Rebusløp ffrå start til mål der 1.til 4. klasse er midt i målgruppa. Hent ark og blyant ved start. Finn postar som er god synlege på vegen opp til Storset.
Parkering ved Ostereidet ungdomsskule
Busstransport frå Ostereidet ungdomsskule til start i Bjørsvik
Premiering:
Flotte premiar trekt på startnummer - iPad, treningstøy.
Pengepremiar til dei tre raskaste kvinner og menn i konkurranseklassen.
Premiering til dei 3 beste jenter og gutar i juniorklassen (12-15 år)
T-skjorte til alle deltakarar
Om løypa
Storset opp startar i historiske omgjevnader på dampskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 3,0 kilometer til målgang på Storset. Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.
Frå løpet i fjor
Folkefest i første utgåva av Storset Opp (2017)
Gneistløpar raskast i Storset opp 2018
Tekst: Jo Harald Færø og Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.