Sterk 5000m av Bertine-Helene Færø
Postet av Stanley Hauge den 23. Sep 2019
Bertine-Helene Færø sette ny løpsrekord med 18.23,0 på 5000m då ho vann Eikangerløpet søndag 22. september. Ho sletta den to år gamle rekorden til søstera Sara-Rebekka Færø Linde med 1,5 sekund.
Ho betra også den snart ni år gamle personlege rekorden sin med nesten 30 sekund. Det var sjuande gongen ho var raskaste kvinne i Eikangerløpet. Første gong ho vann var som 15-åring i 2007 på tida 20.18,3. I år oppnådde ho også pokal for i alt ti startar i løpet.
Med tida 18.23,0 er Bertine-Helene Færø nummer 20 på årsstatistikken i Noreg i 2019 og den tredje beste i Hordaland.
LØPSVINNAR FOR FEMTE GONG: Jo Harald Færø.
I år var det berre broren hennar, Jo Harald Færø, som var raskare enn Bertine-Helene ved løpet på Ostereidet. Han vann for andre året på rad. Tida var i år 17.44,6, om lag 25 sekund svakare enn i fjor. Totalt var det femte sigeren hans i Eikangerløpet.
TETKVARTETT: Jo Harald Færø i tet framfor Bjørnar Eidsheim, Bertine-Helene Færø og Vebjørn Haugsdal.
Bortsett frå dei første rundane, då Bjørnar Eidsheim drog opp feltet, leia Jo Harald heile løpet. Bjørnar vart nummer to i klassen for menn med 18.52,8. Tredjeplass gjekk til Vebjørn Haugsdal på 18.56,1 som dermed sette solid personleg rekord.
STARTEN: Bjørnar Eidsheim tok teten frå start, følgd av Jo Harald Færø, Vebjørn Hugsdal, Bertine-Helene Færø, Grethe Jørgensen, Anders Eidsnes, Jan Thore Vassdal, Harald Nygård, Nikolai Færø, Jan Kårbø, Brynjar Nordanger, Arvid Hauge, Sigve Haugsdal og Sverre Solberg.
Eit imponerande løp gjorde Nikolai Færø som var med for sjette gong. Med tida 21.44,2 betra han bestetida si frå 2010 med vel eitt minutt og 40 sekund. Han opna hardt og heldt på å bryta løpet, men etter å gått eit lite stykke sette han i gang att og fullførte i flott stil.
Harald Nygård som har vunne Eikangerløpet 13 gongar, deltok i år for 15. gong. Han låg an til å levera eit godt løp, men måtte dessverre bryta på grunn av muskelplager.
14 løparar stilte til start i Eikangerløpet som i år ar arrangert for 40. gong. Det var litt færre enn dei siste åra. Årsaka var at fleire av dei «faste» deltakarane hadde valt løpshelg i Oslo eller treningssamling i Hardanger.
Komande søndag, 6. oktober går Storset Opp med start i Bjørsvik. Og laurdag 12. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Ni løp skal arrangerast det komande halvåret.
Eikangerløpet 2019.
Ostereidet idrettsbane 22.9.2019
Arr.: Eikanger IL
Sol, flottg, vindstille, +18-19° C.
5000m menn
1. Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL 17.44,6
2. Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL 18.52,8
3. Vebjørn Haugsdal (1992) 18.56,1
4. Jan Thore Vassdal (1974), Eikanger IL 20.59,1
5. Anders Eidsnes (1973), Eikanger IL 21.30,9
6. Nikolai Færø (1985), Eikanger IL 21.44,2
7. Arvid Hauge (1960), Eikanger IL 21.56,3
8. Sigve Haugsdal (1994) 23.05,7
9. Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL 23.43,7
10. Jan Kårbø (1957), Eikanger IL 24.24,6
11. Sverre Solberg (1952), AKS 77 28.51,1
5000m kvinner
1. Bertine-Helene Færø (1992), Varegg 18.23,0
(Ny løpsrekord)
2. Grethe Jørgensen (1975), AKS 77 20.43,7
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.