Karuselljubileum laurdag 14. desember – program for løpsdagen

Postet av Stanley Hauge den 2. Des 2019

Starten i det 2. løpet i vinterkarusellen. Det vart halde på Eikanger 26. januar 1980. Bjarne Kalgraff (nr. 4) og Gunnar Hauge (nr. 5) tok teten ut frå start. Gunnar vann løpet på 7.03, rett føre Bjarne som fekk 7.04.

Laurdag 14. desember vert det 40-årsjubileum for Eikanger IL sin vinterkarusell. Ordførar i nye Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad, vert med og det vert ekstra raus premiering.

Program-jubileumslopet.pdf

Program 40-årsjubileumsløpet

kl. 14.15            Påmelding startar. Dei som deltek utan tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Kl. 14.57            Ordførar Sara H. Sekkingstad vert ynskt  velkomen v/Gunnar Hauge 

Kl. 15.00            Start løpshit på tid

Kl. 15.25            Helsing frå ordførar i Alver Sara Hamre Sekkingstad

Kl. 15.35            Utdeling av «prisar» v/Gunnar Hauge og Steinar Haukås

Kl. 15.40            Premieutdeling til dei tre beste kvinner og menn v/ordførar Sekkingstad

Kl. 15.45            Overrekking av blomar til ordføraren

Kl. 15.50            Utdeling av premiar trekte på startnummer

Deltakarpremie til alle
Alle som deltek i jubileumsløpet får ein «minnepremie». Desse vert delteke ut av to nissar ved innlevering av startnummer etter du som deltek har kome i mål.

Gamleskulen med ope hus under vinterkarusellen
Gamleskulen, «Galleriet», har ope laurdag under jubileumsløpet, frå kl.14 til kl.16.
For tida er det ikkje utstillingar her, men alle er velkomne innom for å varma seg og få i seg litt varm drikke.  

Her er også toalett. 

Parkering
Det vert som vanleg parkering inne på skuleplass og langs vegen inn til skulen. Det vert også høve til å parkera ved det «gamle hagesenteret».

Vis omsyn. 

Parkeringsvakter vil visa til rette.

Om karusellen
Karusellen som er den eldste i Nordhordland, og kanskje også i heile Hordaland, har vore arrangert kvart einaste år sidan. Første løpet vart arrangert 22. desember 1979. Den 41. sesongen er no i gang.

Jubileumsplakat-nett-R.pdf

Flott premiering
Ved jubileumsløpet vert det meir omfatande premiering enn ved dei vanlege løpa. Med ei rekkje sponsarar i ryggen, vert premieringa ekstra raus med pengepremiar til dei tre beste i klassane for menn og kvinner på tid. Til trimmarne vert det mellom anna trekt ut gåvekort på kr 1000 og kr 500 pluss mange andre fine premiar.

Alle som deltek vil få ein deltakarpremie til minne om løpet og deltakinga si.

Utfordrar tidlegare vinnarar
I løpet  av dei 40 åra som karusellen er arrangert har det vore 76 vinnarar i klassen for menn og 66 for kvinner. Eikanger IL håpar flest mogleg av vinnarane tek turen til jubileumsløpet.  

Nokre fakta om vinterkarusellen:

  • Første løp 22. desember 1979 på Kløvheim.

  • Eikanger har vore fast arrangørstad sidan hausten 1982.

  • 324 løp er arrangerte til no med i alt ca. 20 000 startar.
    I alt har ca. 1800 personar delteke i karusellen.
    Flest deltakarar i enkelt løp: 120 (16.11.1985).
  • Terje Eidsnes har delteke flest gonger – 275 startar.
    VInterkar-1979-2019-tal-løp-red.pdf

  • Løpsrekord menn: Svein Roar Kvamme 5.58 (2017)
  • Løpsrekord kvinner: Bertine Helene Færø 7.04 (2019)
    Rekordutvikling VK-red.pdf

  • Flest gonger raskast: Harald Nygård – 30.
  • Raskaste kvinne: Sigrun Molland – 42 gonger.
    Alle vinnarane: Vinnarar vinterkarusellen-red.pdf
    Flest sigrar: Sigrar vinterkarusellen-red.pdf

Løpet 14. desember

Påmelding frå kl 14.15.

Start klasse med tittaking kl. 15.00.

Startkontingent

Born til og med 15 år kr 25,-

Vaksne kr 50,-

Familie kr 100,-

(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2004 og seinare)  

Tekst og foto: Stanley Hauge
Statitstikkar: Arvid Hauge og Stanley Hauge                                                                    


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.