Solid kvinnerekord i Eikangerløpet 2021

Postet av Stanley Hauge den 26. Sep 2021

REKORD: Karoline Holsen Kyte, Førde IL, betra løpsrekorden i kvinneklassen med over 40 sekund.

Halvdan Emil Færø vann Eikangerløpet for åttande gong. Vinnartida hans var 15.24,1,  berre sekundet etter rekorden hans frå 2015. I kvinneklassen sette Karoline Holsen Kyte, Førde IL, solid ny løpsrekord med 17.21,8.

For fleire av deltakarane på Ostereidet søndag var 5000m der andre tøffe løpet på to dagar, laurdag var det Stolzekleiven opp dei deltok i. I løpet i Bergen vann Karoline Kyte kvinneklassen på 9.44, medan sambuaren Halfdan Emil Færø, vart nummer to i herreklassen på 8.36. Han kjempa lenge om sigeren med Stolze-kongen Thorbjørn Ludvigsen.

STARTEN: Halfdan Emil Færø tok teten alt frå start og auka heile vegen til mål. 

Løpsrekord
Karoline Kyte spring lite baneløp og vinnartida hennar på Ostereidet var betring av den personlege rekorden frå 2019 med to sekund. Ho betra løpsrekorden til Bertine Helene Færø med vel 43 sekund. Bertine Helene, som har hatt ein flott sesong med sterke tider i år, måtte dessverre bryta løpet søndag.

SPURT: Jo Harald Færø (nr. 9) sikra seg andreplassen etter ein sterk spurt. Magnus Johan Færø (nr. 6) vart nummer tre. Bjørnar Eidsheim  (nr. 13) tok sjetteplassen.

Trippel Færø
Det vart trippel Færø på sigerspallen for menn. Jo Harald og Magnus Johan Færø kjempa om andreplassen og det vart Jo Harald som avgjorde med klart betre spurt enn Magnus Johan. Øystein Aamli vart nummer fire på 17.28,0. Det var kjekt å sjå han tilbake på friidrettsbana.

SOLID DEBUT: Sjur Øren Heggernes debuterte i løpet og 11-åringen sprang fort.

Yngste deltakar i feltet, 11-årige Sjur Øren Heggernes, imponerte med eit flott løp på tida 23.07,8. Han hadde gleda av å springa frå ei rekkje veteranar. 

19 løparar stilte til start i Eikangerløpet som i år  ar arrangert for 42. gong. Det var nokre fleire enn dei siste åra.  

MIDT I LØPET: Magnus Johan Færø dreg her feltet, tett følgd av Karoline Holsen Kyte, Jo Harald Færø, og Øystein Aamli (nr. 14). Dei har nett passert Jan Kårbø (nr. 1) og Are Flekke.

Klart for nye løp
Storset opp vert arrangert søndag 10. oktober.
Storset opp plakat 2021.pdf 

Påmelding Storset opp

Og laurdag 23. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger.  

Halfdan Emil Færø til topps i Eikangerløpet for åttande gong. Her passerer han Brynjar Nordanger (t.h.).

Eikangerløpet 2021.
Ostereidet idrettsbane 26.9.2021 
Arr.: Eikanger IL
Lettskya, flott, vindstille, +16-17° C.                                  

5000m menn 
1.    Halfdan Emil Færø (1991), Varegg    15.24,1
2.    Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL    17.01,0
3.    Magnus Johan Færø (1995), Eikanger IL    17.03,7
4.    Øystein Aamli (1986), Aks 77    17.28,0
5.    Vebjørn Haugsdal (1992)    19.00,1
6.    Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL    19.13,8
7.    Helge Færø (1960), Aks 77    20.04,5
8.    Nikolai Færø (1985), Eikanger IL    21.29,6
9.    Arvid Hauge (1960), Eikanger IL    21.32,9
10.    Sjur Ø. Heggernes (2010), Aks 77    23.07,8
11.    Jan Kårbø (1957), Eikanger IL    23.15,3
12.    Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL    23.37,0
13.    Are Flekke, (1996), Norna-Salhus    24.05,1
14.    Inge Nævdal (1954), Eikanger IL    24.59,4
15.    Gunnar Hauge (1955), Eikanger IL    25.26,1
16.    Sverre Solberg (1952), Aks 77    30.30,4

5000m kvinner            
1.     Karoline Holsen Kyte (1993), Førde    17.21,8
(Ny løpsrekord)

I SVINGEN: Helge Færø fremst her, følgd av Jan Kårbø, Sjur Ø. Heggernes, Arvid Hauge, Are Flekke og Inge Nævdal.

UNG VETERAN: Øystein Aamli (f. 1986) i veteranklasse MV 35-39 sprang på den solide tida 17.28,0.

PERSONBESTE: Karoline Holsen Kyte trivst best i fjelløp og motbakkar, men på Ostereidet søndag var ho for ein sjeldan gong med i baneløp. Det vart personbeste på 5000m. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.