Suverent løp av Phillip Morken
Postet av Stanley Hauge den 12. Mar 2022
SUVEREN: Phillip Morken spurtar inn til ny bestetid på 6.27.
18-åringen Phillip Morken vann suverent det 5. løpet i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. Med tida 6.27 er han mellom dei 15 raskaste løparane i karusellen nokon gong.
Morken tok teten ut frå dtsrt og auka heile vegen til mål. Det var ttredje gongen han gjekk til topps på Eikanger, førre gong var for to år sidan. Han betra besttida si med nesten 50 sekund og rykte over 100 plassar fram på lista over ei raskaste karuselldeltakarane.
STARTEN:Løpet hadde start i skuleporten som vanleg, men denne gongen på veg under opprusting.
To andre ungdomar, Evind Langøy (f. 2005) og Idar Odland (f. 2006) kom på andre- og tredjeplass. Langøy var med 7.11 sekundet føre Odland, som på si side av sekundet etter løypepersen sin. For Langøy vart det personbeste med 11 sekund.
TETT KAMP: Unggutane Eivind Langøy og Idar Odland i spurtoppgjer.
Fleire andre løparar noterte bestenoteringar for sesongen. Løpsforholda var gode med berr veg og over ti plussgrader, men med litt motvind utover mot brua.
Kommunen er i gang med å rusta opp innkjøringsvegen til skulen og området rundt, så det var litt anleggspreg over forholda. Men det var godt rydja og lagt til rette for løpet. Takk til arbeidsgjengen.
VETERANAR:Anders Eidsnes (nr. 14) noterte årsbeste. Like bak kom Einar Færø.
52 løparar stilte til start, det er ein del færre enn ved løpa før pandemien sette stoppar for sesongen 2019-20. Alt 9. april vert det nytt løp, og det siste løpet for sesongen går 30. april.
Vinterkarusell 2021-22, 5. løp.
Eikanger 13. mars 2022
Arr.: Eikanger IL
Fine forhold, lettskya, litt vind + 10-11° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken 6.27
2. Eivind Langøy 7.11
3. Idar Odland 7.12
4. Anders Eidsnes 7.48
5. Einar Færø 7.52
6. Are Flekke 8.15
7. Harald Nygård 8.23
8. Nikolai Færø 9.01
9. Sjur Øren Heggernes 9.11
10. Terje Eidsnes 9.48
11. Jan Kårbø 10.06
12. Gunnar A. Larssen 13.43
12. Sverre Solberg 13.43
HYGGELEG GJENSYN: Harald Nygård deltok i karusellen etter lang tids opphald.
Utan tid:
Britt Reigstad Clausen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Solveig Haugland Hauge, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Unni Hindenes, Torunn Hopland, Ronny Kvalheim, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Ove Normann Morken, Petter Neteland, Svein Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Nicolas Rongved, Tony Thorsen, Grethe Titland, Laila Toft, Åge Toft, Cathrine Zimmermann
I alt 52 deltakarar.
GLAD TRIMGJENG: Thony Thorsen (nr. 127) leier an denne trimgjengen.
Neste løp:
Laurdag 9. april 2022
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.