Einar Færø – norsk veteranrekord på 5000m
Postet av Stanley Hauge den 16. Aug 2022
Einar Færø sette måndag kveld ny norsk bestenotering på 5000m i klasse MV65-69. 18.25,11 er tida han oppnådde ved stemne i Arna.
Tida er vel eitt sekund raskare enn Gunnar Gaulen si bestenotering frå 2007 (18.26,23).
Nordhordland-intervju-med-Einar.pdf (pdf-fil)
Einar var nær dei norske veteranrekordane på 1500m og 5000m i fjor sommar. Då sprang han 5000m påbane på 18.31,08 på Osterøy 28. juni. 11. august deltok han i Arna på 1500m og fekk tida 4.59,88. Begge tidene vsar berre nokre sekund unna dei norske bestenoteringane i veteranklasse 65-69 som Gunnar Gaulen noterte i 2007 (4.57,81 og 18.26,23.
Me gratulerer Einar med rekorden og betring av bestetida frå i fjor med ni sekund. No ventar me spent på kva han kan få til på 1500m.
Me må også ta med at leiaren i friidrettsgruppa, Jo Harald Færø, deltok på stemnet i Arna og sette årsbeste med 16.44.
Og storesøster i familien, Sara Rebekka Færø Linde, er utteken til VM i terrengultra (80 km) som skal arrangerast i Thailand 4. november.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.