Jo-Harald Færø vann Eikangerløpet
Postet av Stanley Hauge den 2. Okt 2022
STARTEN: Jo-Harald Færø tok teten alt frå start og auka heile vegen til mål. Medan Grethe Jørgensen var raskaste kvinne. Brynjar Eidsheim (startnr. 11) var nest raskast av alle.
Jo-Harald Færø vann Eikangerløpet laurdag på 17.56, 6 og var dermed to minuttar føre andremann. Det var sjuande gong Jo-Harald vinn dette 5000m-løpet som avsluttar banesesongen på Ostereidet.
Grethe Jørgensen var raskaste kvinne med 20.47,2. To gonger før, i 2013 og 2018, har ho vore raskaste kvinne.
SPURT: Jo-Harald Færø jublar for den sjuande sigeren sin i Eikangerløpet.
Nest raskast i løpet var Bjørnar Eidsheim med tida 19.56,0. Deretter kom superveteranen Einar Færø på 20.09,6. Han kom rett frå klassesiger i (MV 65-69 år) i Stoltzekleiven opp på laurdag.
14 løparar stilte til start i Eikangerløpet som i år ar arrangert for 43. gong. Det var nokre færre enn dei siste åra.
VETERAN: Gunnar Hauge vann første Eikangerløpet i 1979 og har i alt fem sigrar i åra 1979-1984. I år vart tida nett under 24 minuttar, vel åtte minuttar etter vinnartida hans i 1979.
Kommunen har nyleg gjennomført eit grundig vedlikehald av grusbana på Ostereidet, noko Eikanger IL er svært takksame for. Eit skår i gleda er at det har vorte lagt på ein grovkorna grus oppå raudstubbdekket. Dette gjorde at forholda i år var langt tyngre enn på det reine raudstubbdekket som bana har hatt til no.
Laurdag 22. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Deretter vert det løp 12. november og 10. desember.
Eikangerløpet 2022.
Ostereidet idrettsbane 2.10.2022
Arr.: Eikanger IL
Regnbye, vindstille, +11-12° C.
5000m menn
1. Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL 17.56,6
2. Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL 19.56,0
3. Einar Færø (1956), Eikanger IL 20.09,6
4. Are Flekke (1996), Norna-Salhus 21.20.2
5. Arild Tverranger (1962) 23.01,1
6. Gunnar Hauge (1955), Eikanger IL 23.58,9
7. Jan Kårbø(1957), Eikanger IL 24.12,6
9. Arvid Hauge (1960), Eikanger IL 24.18,7
10. Inge Nævdal (1954), Eikanger IL 24.26,4
11. George Priziachniuk (2007) 25.38,2
12. Sverre Solberg (1952), Aks 77 32.00,7
5000m kvinner
1. Grethe Jørgensen (1975), Aks 77 20.47,2
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.