Færø-dobbel i karusellopninga
Postet av Stanley Hauge den 22. Okt 2022
Jo-Harald Færø var raskast i det første i løpet i vinterkarusellen på Eikanger for sesongen 2022-23. Søstera Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne. I alt deltok 77 personar i løpet laurdag 22. oktober.
RASKAST: Jo-Harald Færø i klar leiing inn til mål.
Vinnartida til Jo-Harald var 6.37, medan Bertine Helene sprang på 7.20 og var raskaste kvinne for 39. gong. Jo-Harald var raskast for 24 gong.
FIN FORM: Bertine-Helene Færø.
Idar Odland i 16-årsklassen var nest raskast av alle med 6.45 som var ny personleg bestenotering for han. Han var 4 sekund betre enn i siste løpet førre sesong.
NY BESTETID: Idar Odland spring stadig raskaste i karusellen.
STERK VETERAN: Grethe Jørgensen på veg mot beste tida si på to år.
Grethe Jørgensen var nest beste kvinne med 7.54. Veteranen leverte eit sterkt løp og var 10 sekund raskaste enn i førre sesong og berre seks sekund få bestetida si frå 2020.
JUBILANT: Sverre Solberg runda 70 år løpsdagen og deltok for 285. gong.
Sverre Solberg runda 70 år på løpsdagen. Løpet laurdag var den 285. gongen han deltok i karusellen og han ligg no berre eitt løp bak Terje Eidsnes som står med 286 startar før denne sesongen. Han hadde ikkje høve til å delta laurdag, men no må han passa på å stilla flittig resten av sesongen om ikkje Sverre skal gå forbi han.
Første gong Sverre deltok i karusellen var 16. november 1985. Av dei 309 løpa som er arrangerte sidan han debuterte for snart 37 år sidan, er det berre 24 han ikkje har delteke i.
TRIO: Håvard Fyllingnes (t.v.), Einar og Nikolai Færø (t.h.).
Løpet laurdag gjekk under fine forhold med solskin og klår himmel, og fin temperatur. Neste løp går laurdag 12. november.
Vinterkarusell 2022-23, 1. løp.
Eikanger 22. oktober 2022
Arr.: Eikanger IL
Sol, fint ver, berr veg, +9-10° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo Harald Færø 6.37
2. Idar Odland 6.45
3. Bjarte Eikanger 7.02
4. Bertine-Helene Færø 7.20
5. Grethe Jørgensen 7.54
6. Håvard Fyllingsnes 8.57
7. Nikolai Færø 8.59
8. Einar Færø 9.00
9. Jan Kårbø 9.47
10. Arvid Hauge 9.48
KJEMPAR: Unge Elias Øvretveit kjempa heilt inn til mål og tida vart god.
Ove Danielsen 10.04
Elias Øvretveit 10.35
Kjetil Aasgard 10.48
Sjur Aasgard 10.48
Atle Kolbeinsen 11.10
Kjell Namtveit 11.25
Syvert Søyland Askvik 11.58
Alvin Wakefield 12.18
Andrew Wakefield 12.45
Sverre Solberg 13.20
Mariann Reikerås 14.16
Iben Buvik Aasgard 15.03
Petter Buvik 15.06
Isak Øvretveit Hosøy 15.26
Johanne Øvretveit 15.27
Mathilde Eneroth Høyland 16.14
Espen Eneroth 16.15
Svein Thorsheim 16.41
Utan tid:
Elin Askvik, Ingrid Søyland Askvik, Ivar Askvik, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Henrik Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Steinar Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Kristoffer Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Svein Nordpoll, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Nicolas Rongved, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Åge Toft, Janina Øvretveit
I alt 77 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 12. november 2022.
FINT DRIV: Syvert Søyland Askvik i fint driv mot mål.
INNI FØRSTE SVING: Feltet på veg inn i første svingen.
PÅ OPPLØPET: Sjur (nr. 18) og Kjetil Aasgard, begge fekk 10.49.
VETERANOPPGJER: Jan Kårbø (nr. 1) var litt sterkare enn Arvid Hauge i spurten.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.