Eivind Langøy ny karusellvinnar

Postet av Stanley Hauge den 12. Nov 2022

17-årige Eivind Langøy vann det andre løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Vinnartida hans var 6.41og det var første gong han gjekk til topps.

Langøy vann etter ein spurtduell med Magnus Johan Færø som fekk tida 6.42. Begge dei to sette personlege bestenoteringar i karusellen. Langøy var fire sekund raskaste enn i løpet 1. mai i år. Magnus Johan betra persen sin fra 13. oktober 2018 med tre sekund.

SPURTDUELL: Eivind Langøy spurta fra Magnus Johan Færø på oppløpet mot mål.

Nummer tre i mål var 14-årige Liam Eidsnes Phillips på 8.12. Han deltok i karusellen for første gong.I MOTBAKKEN: Magnus Johan Færø drog opp motbakken med Eivind Langøy rett bak.

Løpet vart eit tett oppgjer mellom Langøy og Færø. Magnus Johan hadde leiinga inn i den siste motbakken, eit par meter føre Eivind. Men på siste strekket inn mot mål avgjorde Langøy duellen til sin fordelNY PERSONBESTE: Mariann Reikerås betra bestetida si med 27 sekund.

Mariann Reikerås var raskaste kvinne med 14.19, vel 25 sekund betre enn i den første karusellen i haust.KAMP OM TREDJEPLASSEN: Liam Eidsnes Phillips (nr. 18) kjempar seg forbi Bjørn Rolland.

Terje Eidsnes, som har flest startar i karusellen, sesongdebuterte med 9.50. Ekstra hyggeleg var det å sjå superveteranen Magnus Elvik tilbake på start. Det var to år sidan 82-åringen deltok førre gong.BLANDA GJENG: Frå venstre: Ruben Hosøy, Odd Inge Høyland, Isak Øvretveit Hosøy, Svein Thorsheim og Mathilde Eneroth Høyland.

55 deltakarar stilte til start laurdag. Forholda var fine, men opphald og mildt ver. 

Neste løp vert juleløpet 10. desember.

Vinterkarusell 2022-23, 2. løp.
Eikanger 12. november 2022
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, berr veg,  +10-11° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Eivind Langøy    6.41
2.  Magnus Johan Færø    6.42
3. Liam Eidsnes Phillips    8.12
4. Bjørn Rolland    8.15
5. Helge Færø    8.25
6. Håvard Fyllingsnes    9.12
7. Arvid Hauge    9.32
8. Terje Eidsnes    9.50
9. Jan Kårbø    9.57
10. Kjell Namtveit    11.29
11. Andrew Wakefield    12.44
12. Sverre Solberg    13.01
13. Mariann Reikerås    14.19
14. Svein Thorsheim    14.48
15. Isak Øvretveit Hosøy    14.49
16. Ruben Hosøy    14.50
17. Mathilde Eneroth Høyland    14.51
18. Odd Inge Høyland    14.52RETT FØR MÅL: Håvard Fyllingsnes.

Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm, Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Magnus Elvik, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Laurits Golten Fyllingsnes, Magnus Golten Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Einar Færø, Helga Marit Færø, Jo Harald Færø, Sofie Haugland Hauge, Solveig Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Preben H. Haugland, Steinar Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Torunn Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Elin  Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Svein Nordpoll, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Laila Toft, Richard Toft, Åge  Toft, Johanne Øvretveit

TRIMARAR: Preben H. Haugland (t.v.), Sofie Haugland Hauge (116) og Solveig Haugland Hauge (117).

I alt 55 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 10. desember 2022. 


Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.