Idar Odland suveren karusellvinnar

Postet av Stanley Hauge den 10. Des 2022

VINNAR: Idar Odland tok ein suveren siger med tangering av bestetida si på 6.45.


16-årige Idar Odland tok ein suveren siger i førjulskarusellen på Eikanger laurdag 10. desember. Med tida 6.45 var han 25 sekund føre andremann. Grethe Jørgensen var for 42. gong raskaste kvinne.


Fleire foto vert lagde ut seinare. Og sjå gerne Strilen sin reportasje nedanfor.


Strilen-reportasje: Kvitt, kaldt og artig på førjulskarusell-N.pdf

VINNAR I NISSEDRAKT: Grethe Jørgensen var for 42. gong raskaste kvinne i karusellen. Men det er første gongen ho var vinnar i nissedrakt.


Odland tangerte bestetida si frå første løpet tidlegare i haust. Ein sterk prestasjon under noko vanskelegare forhold denne gongen. Kaldt med litt sur motvind før passering den gamle brua over vågen, men stort sett berr veg. Det bar andre sigeren til Odland i karusellen.


Eivind Langøy (f. 2005), som vann det førre løpet på Eikanger, vart nummer to denne gongen med tida 7.10. På tredjeplass kom15-årige Sigurd Aakre med tida 7.28.


UT FRÅ START: Idar Odland og Eivind Langøy var i teten ut frå start.


I alt var det 50 personar som hadde teke turen til Eikanger skule for å delta i karusellen i den travle førjulstida. Neste sjansen til å delta vert i nyttårskarusellen same stad laurdag 7. januar. 


Vinterkarusell 2022-23, 3. løp.

Eikanger 10. desember 2022

Arr.: Eikanger IL

Klårt, vinterføre – men stort sett berr veg,  ÷6-8° C.


«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Idar Odland    6.45

2. Eivind Langøy    7.10

3. Sigurd Aakre    7.28

4. Espen Aakre    8.08

5. Grethe Jørgensen    8.21

6. Arild Tveranger    9.03

7. Sjur Øren Heggernes    9.29

8. Alf Fjellstad    9.41

9. Terje Eidsnes    9.57

10. Arvid Hauge    10.07

11. Jan Kårbø    11.02

12. Atle  Kolbeinsen    11.20


Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm, Maria Lybgvær  Auran, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Magnus Elvik, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Einar Færø, Helga Marit Færø, Nikolai Færø, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Arve Henningsen, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Norvald Langøy, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Marika Liivakant, Anne Lise Nordpoll, Even Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Sverre Solberg, Grethe Titland, Laila Toft, Åge  Toft


I alt 50 deltakarar.


Neste løp:

Laurdag 7. januar 2023. 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.