Karusell på Eikanger laurdag 4. februar
Postet av Stanley Hauge den 30. Jan 2023
4. februar går femte løpet i vinterkarusellen 2022-23 på Eikanger. Påmelding fra kl. 14.20 og start i løpsklassen kl 15.00 i porten til Eikanger skule.
OBS: Det ser ut til å verta glatt føre i store delar av løypa laurdag.
Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved skulen.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 22. oktober, 12. november, 10. desember, 7. januar 2022, 4. februar, 11. mars og 1. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen er no inne i sesong 44 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 341 løp med 21 453 startar.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorde fro kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.