Karusellavslutting og premieutdeling 6. april

Postet av Stanley Hauge den 29. Mar 2024

Laurdag 6. april går det 7. og siste løpet i karusellen for sesongen 2023-24. 51 personar har delteke tre eller fleire gonger og får medalje. Det vert premieutdeling fort sesongen så snart alle er i mål.

Dersom dei 37 som står med to løp til no deltek i det siste løpet, vert det bronsemedalje på dei også.

Karusellen 6. april

Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen presis kl. 15.00. Dei som skal trimma utan tidtaking, kan starta så snart dei er påmelde.

Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.

Startkontingent
Born til og med 15 år       kr 25,-
Vaksne                            kr 50,-
Familie                            kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2009 og seinare))

Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. 

Etter endt sesong vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.

Sjekk kor mange startar du har: Karusell-2023-24-tal-startar-6L.pdf

Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse 

Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest