Eikanger G13 mot Masfjord 2, 4-1

Postet av Eikanger G13 (2011) den 31. Mai 2024

Eikanger G13 møtte Masfjord 2, torsdag 30. mai på heimebane og dei klarte å kome tilbake på vinnersporet. 


Gutta gjekk hardt ut og alt etter 6 minutt stod det 1-0. Eit kanonskudd frå lang distanse frå Hans Petter. Etter 15 minutt aukar Simen André til 2-0. Laget spelar fin fotball, og skaper mange sjansar. Dei er flinke til å bruka kantane og styrer midtbana. Etter berre 2 minutt av andre omgang er det eit innlegg bak i feltet som Simen André set sikkert inn oppe til høgre i mål.  

 

Laget fortsett å køyre på og etter 51 minutt er det eit fint gjennomspel til Samuel, som er på løp. Han gjer ingen feil, med eit godt skudd set han ballen sikkert forbi til høgre for keeper. Masfjord 2 kom litt meir med mot slutten av kampen, og før slutt sett dei inn eit trøystemål. Ein flott kamp av Eikanger G13 som endar med 4-1 siger. Til applaus frå dei oppmøtte. 


Dette var siste heimekamp for sesongen. Neste kamp er mot Fedje, på Fedje Idrettsplass, torsdag 6.juni kl 18.30.  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.