Heimekamp for G13, Eikanger - Flaktveit 2

Postet av Eikanger G13 (2011) den 15. Jun 2024

Det var stor spenning før toppoppgjeret på Ostereidet. Eikanger G13 møtte Flaktveit 2 på onsdag 12. juni på heimebane under fine forhold.

I starten hadde Flaktveit mest ball, medan Eikanger spelte meir direkte, men etter 7 minutt klinka Brian til med eit fantastisk langskudd rett i krysset. Etter det tok heimelaget over og dominerte omgangen. Syvert, deretter Samuel, skora, før Brian fullførte med eit ekte hattrick.  Ein glimrande omgang. 

I 2. omgang er Flaktveit meir med og skaper fleire sjansar. Eikanger slepp seg naturleg litt ned, med stor ledelse. Brian, Syvert og Samuel skårar kvart sitt mål til. Tre G12 spelarar var også med og bidrog godt. Det siste målet i siste minutt var eit nydeleg raid av Simen André på kanten, han legg ballen ut til Samuel som set eit verdig punktum med 8-2, til trampeklapp frå publikum.  Ein godt gjennomført kamp. 

Eikanger G13 viser nok ein gong styrke og kvalitet på bana, med ein imponerende seier over Flaktveit 2. Laget er tabelltopp og fortset å imponere supportarane sine. 

Neste kamp for Eikanger G13 er borte mot Nordre Holsnøy søndag 16.juni. Gutane ser fram til å ta med seg den positive trenden frå denne kampen og satsar på nok ein siger. Dette vert siste kamp denne sesongen.


Bt.no skriv følgande om kampen:




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.