Skulestemner med 200 deltakarar

Postet av Stanley Hauge den 21. Jun 2024

Tett oppgjer på 60m mellom desse tre gutane i 9. klasse.

Ostereidet ungdomsskule arrangerte 28. og 29. mai dei årlege skulestemnene. I bra sommarvêr vart det to fine dagar for i alt nesten 200 deltakarar. Ei rekkje gode resultat vart oppnådde.

Stemnet 29. mai var for barneskulane i området. I alt ca. 125 elevar i 5. til 7. klasse deltok. Øvingane var 60m, 800m, lengde, kule.

Det var ungdomsskulen med lærarar og elevar som arrangerte stemnet.

Tysdag 28. mai var det ungdomsskuleelevar sin tur til å konkurrera i dei same øvingane. 

I 8. klassen for gutar sikra Preben Arnstad Eide seg tre sigrar, på 60m, i lengde og kulestøyt. Beste resultatet oppnådde han på 60m med 8,1. 

Raskast av alle på 60m  var Jens Hindenes Myklebust i tiandeklasse med 7,8.

På 60m for gutar i 9. klasse vart det eit jamnt oppgjer mellom tre gutar. Simen Guldbrandsøy og Jakob Fjellanger fekk begge tida 8,4, medan Edvin Borge Hindenes fekk tida 8,5.

Eitt av hita på 60m for jenter.

I 8. klasse for jenter tok Michelle Helland Haukås tre sigrar, på 60m, lengde og kule. På 60m hadde ho 9,4 og i lengde 3.15. Raskast tid av alle jentene på 60m hadde Lilly H. Torsvik i 9. med 8,7.

I barneskulestemnet sprang 7. klassingen Adrian Myhr 60m på 8,5. I same klassen oppnådde Sjur Aasgsrd 12,11 i kulestøyt.

Premiane til stemnet var det Eikanger IL som stod for.

EIL-barneskulestemne-29.5.2024 kopi.pdf

EIL-ungdomsskulestemne-28.5.2024 kopi.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest