Flott innsats i krinskampen/Lerøyleikane

Postet av Stanley Hauge den 9. Sep 2024

Denne gjengen gjorde ein flott innsats i krinskampen, frå venstre: Mari Romarheim, Helena Algrøy, Preben Aanstad Eide og Brian Dalland.

Dei fire gutane og jentene frå Eikanger IL som var uttekne til krinskampen på Ålgård helga 7.-8.-september, gjorde ein flott innsats.

Dei var med på laget frå Hordaland som vann med 203 poeng, føre Rogaland med 190 og Agder med 154 poeng.

Preben Aanstad Eide vann kule 4 kg i 14-årsklassen med 9,89. Brian Dalland vart nummer tre i same øving med 8,92. 

Preben vart nummer tre i sitt hit på 200m med 26,01 og nummer fire totalt i klassen. På 60m vart han nummer to i forsøket med den flotte tida 7,80, men med 2,5 m/s medvind var vinden litt for sterk til at det kan noterast som personleg rekord. Han følgde fint opp i finalen der han vart nummer fire med 7,87 berre 12/100 etter vinnaren. I dette løpet var det godkjent vind (1,5 m/s) – så tida er dermed personleg rekord.

Preben var også med på å springa Hordaland sitt 1. lag inn til 2. plass på 10x80m stafett.

Brian Dalland sette også personlege rekord på 60m. Han fekk 8,39 og sjetteplass i sitt forsøkshit.

Dei to jentene som deltok i kule i 13-årsklassen, sette begge personlege rekordar. Helena Algrøy vart nummer fire med 9,52 og Mari Romarheim nummer fem med 9,23.

I klassen for gutar 14 år vart det to andreplassar til Ludvig Færø Linde, son til Sara-Rebekka Færø Linde og Lorentz Linde, på 600m og 1500m . Tidene var 1.32,10 og 4.26,31. Han stiller for Varegg.

Slo 48 år gamal rekord
Preben Aanstad Eide si tid på 200m – 26,01 – der klubbrekord for gutar 14 år i Eikanger IL. Denne elektroniske tida er hakket betre enn Per Arne Dalland si manuelle tid på 25,9 frå 1976. 

Me gratulerer heile gjengen med flott innsats.

Resultstlister

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

— Guest