G13 Eikanger v Radøy 2-1

Postet av Eikanger G13 (2011) den 28. Sep 2024

Det var eit revansjesugent Eikanger G13 som ville revansjera 2-1 tapet frå vårsesongen. Dei gjekk rett "i strupen" på Radøy frå start og pressa høgt. Etter eit fint angrep på høgresida skaut Brian i tverrleggaren etter 3 minutt. Så etter 8 minutt tar dei endeleg leiinga etter rot i forsvaret til Radøy. Syvert set ballen sikkert i mål.

Eikanger-laget fortset med å dominera og skårar 2 mål til, som vert avblåst for offside. I tillegg har Mats Isac eit skot i stanga. Så mot spelet sin gang, får Radøy ein sjeldan sjanse etter ein ball i mellomrommet, og den skårar dei på. Men Eikanger let seg ikkje knekka og dei fortset med å angripa. Berre 2 minutt seinare, skårar Aksel etter forarbeid av Mats Isac. Laga går til pause til applaus frå tilskodarane.

I andre omgang har Radøy ballen litt meir, men Eikanger ligg fint og har bra kontroll. Etter 7 minutt får Brian gult kort og Eikanger må spela 8 mot 9 i 5 minutt, men det taklar dei fint. Eikanger er farlege på hjørnespark og er nære å auke til 3-1 ved fleire anledningar. Laget kjempa godt heile kampen og jubelen er stor då dommaren bles av kampen. Ein kjempegod kamp som enda med ein velfortent og flott siger, 2-1 til Eikanger G13.

Foto og tekst av Dagfinn Hvidsten


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.