Eikangerløpet 6. oktober på Ostereidet

Postet av Stanley Hauge den 30. Sep 2024

Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 6. oktober kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 45. gong.

Påmelding kan skje frå kl. 14.15 løpsdagen eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan laurdag 5. oktober kl. 12.00. Startkontingent kr 100,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536

Litt om løpet
Dette løpet passar både for aktive friidrettsutøvarar og for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana. 

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 19 deltakarar.

Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Karoline Holsen Kyte som har rekorden med 17.21,8 frå 2021. 

Arvid Hauge har vore med 43 gonger og Inge Nævdal 36 gonger. Elles har Sverre Solberg 31 og Bjørnar Eidsheim 30 startar, Gunnar Hauge 26 og Hele Færø 22. 

Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.

Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark som arrangøren ordnar med.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest