Nævdal og Færø best i Eikangerløpet
Postet av Stanley Hauge den 6. Okt 2024
VINNARAR: Bertine-Helene Færø og Bjørn Harald Nævdal vart vinnarar i Eikangerløpet 2024.
Bjørn Harald Nævdal var raskast i Eikangerløpet søndag 6. oktober på 18.47,8. Hardast konkurranse hadde han av Bertine-Helene Færø som var raskaste kvinne med 18.54,2.
Eikangerløpet som er 5000m på bane avsluttar avsluttar banesesongen på Ostereidet.
STORT FELT: 18 personar stilte til start i årets Eikangerløp. Bertine-Helene Færø tok teten ut frå start.
Bertine-Helene Færø sprang fortast ut frå start og leia ei stund med om lag 50 meter på Bjørn Haralad Nævdal. Spenninga var lenge stor om det for første gong i Eikangerløpet si 45-årige historie skulle verta ei kvinne var raskast.
Slik vart det ikkje. I den siste tredjedelen av løpet tok Bjørn Harald Nævdal stadig innpå Bertine-Helene, sprang forbi og vann til slutt ein klar siger. Men Bertine-Helene fekk vist at ho er i god form denne hausten. KLART I TETEN: Bertine-Helene Færø og Bjørn Harald Nævdal sikra seg tidleg solid leiing i feltet.
Medan Bjørn Harald vann for første gong, var Bertine-Helene raskaste kvinne for 10. gong.
Tredje raskast i løpet i år var Bjørnar Eidsheim med tida 19.47,9. Han stilte til start etter ein sterk innsats i Sørfjorden halvmaraton dagen før, der han fekk tida 1.23.56.
18 personar stilte til start i årets løp, medan det var 19 i fjor.
Flest startar har Arvid Hauge med 44, Inge Nævdal med 37, Sverre Solberg 32, Bjørnar Eidsheim 31, Gunnar Hauge 27 og Helge Færø 23. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 13.
Vinterkarusellen neste
Laurdag 19. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Deretter vert det løp 16. november og 14. desember.FLEIRE I FELTET: Jahn Christopher Nævdal(fremst) og Bjørnar Eidsheim var dei som kom nærmast tetduoen. Litt lenger bak kjem ein heil Færø-gjeng.
Eikangerløpet 2024.
Ostereidet idrettsbane 6.10.2024
Arr.: Eikanger IL
Opphald, vindstille, +12-13° C.
5000m menn
1. Bjørn Harald Nævdal 1994 18.47,6
2. Bjørnar Eidsheim 1968 Eikanger IL 19.47,9
3. Jahn Christopher Nævdal 1985 20.27,8
4. Kristoffer Færø 2003 Eikanger IL 21.02,5
5. Gustav Ansnes Færø 2013 Eikanger IL 21.13,6
6. Jo-Harald Færø 1983 Eikanger IL 21.14,3
7. Helge Færø 1960 Eikanger IL 21.40,6
8. Are Flekke 1996 Norna-Salhus 23.01,7
9. Alf Fjeldstad 1950 Aks 77 23.24,2
10. Gunnar Hauge 1955 Eikanger IL 23.42,4
11. Inge Nævdal 1954 Eikanger IL 23.59,7
12. Arvid Hauge 1960 Eikanger IL 24.41,1
13. Ole Alexander Nævdal 1988 24.57,0
14. Bjørn Årseth 1953 25.11.7
15. Jan Kårbø 1957 Eikanger IL 25.37,9
16. Sverre Solberg 1952 Aks 77 34.34.7
5000m kvinner
1. Bertine-Helene Færø 1992 Varegg 18.54,2
2. Mette Jersin Ansnes 1980 Eikanger IL 21.18,0
Tekst og foto: Stanley Hauge