Vinterkarusell 15. mars – løp nummer 350

Postet av Stanley Hauge den 1. Mar 2025

Laurdag 15. mars går sjette løpet i vinterkarusellen 2024-25 på Eikanger. Det vert det 350. løpet sidan karusellen starta i desember 1979 med første løpet på Kløvheim. 

Påmelding i et komande løpet er som vanleg frå kl. 14.20. Løpsklassen startar kl. 15.00.

Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.

Løpsdatoar
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 19. oktober, 16. november, 14. desember, 11. januar 2025, 8. februar, 15. mars og 5. april. 

Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.15. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Startkontingent
Born til og med 15 år           kr 25,-
Vaksne                                 kr 50,-
Familie                                kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2010 og seinare)

Premiering 
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.

Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.

Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse

Premiar for mange løp
Det vert delt ut premiar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.

I alt har det vore 22 451 startar i dei 349 løpa som er arrangerte sidan starten i 1979.

Bakeriet i gamleskulen 
Bakeriet i gamleskulen er ope laurdag 15. mars kl. 14.00-17.00. Stikk gjerne innom for test/kjøp av bakarvarer.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

— Guest