Skulestemner med 200 deltakarar
Postet av Stanley Hauge den 11. Jun 2025
Tett oppgjer på 60m mellom Preben Eide og Jonas Øvretveit i 9. klasse. Begge fekk tida 7,9.
Ostereidet ungdomsskule arrangerte 27. og 28. mai dei årlege skulestemnene. I vekslande sommarvêr vart det to dagar med brukbare forhold for 200 deltakarar. Ei rekkje gode resultat vart oppnådde.
Stemnet 27. mai var for barneskulane i området, Kløvheim, Eikanger, Leknes og Ostereidet. I alt ca. 140 elevar i 5. til 7. klasse deltok. Øvingane var 60m, lengde, kule.
Det var ungdomsskulen med lærarar og elevar som arrangerte stemnet.
Eitt av hita på 60m for jenter i 8. klasse.
Onsdag 28. mai var det ungdomsskuleelevane sin tur til å konkurrera i dei same øvingane pluss 800m.
Gutar i 8. klasse. Andreas Weimer (9,1), Willy Johansen (10,2) og Jim Holsen (10,5).
I 8. klassen for gutar sikra Adrian Myhr seg to sigrar, på 60m og i lengde. Beste resultatet oppnådde han på 60m med 8,0.
Raskast av alle på 60m var Preben Eide og Jonas Øvretveit i niandeklasse – begge med 7,9.
Gutar 8. klasse: André Midtgård Espevoll (8,4), Nathaniel Hosøy (8,2) og Sjur Øren Heggernes (8,9).
På 60m for gutar i 10. klasse vart det eit jamt oppgjer mellom tre gutar. Jakob Fjellanger og Leon Steinestø fekk begge 8,0, medan Edvin Borge Hindenes fekk tida 8,1.
I 9. klasse for jenter tok Michelle Helland Haukås fire sigrar, på 60m og 800m, og i lengde og kule. På 60m hadde ho 9,2 og i lengde 3,68. Raskast tid av alle jentene på 60m hadde Linnea Nordal med 9,0 i 8. klasse. Same tid oppnådde Lilly H. Torsvik i 10. klasse.
Beste kulestøt hadde André Midtgård Espevoll med 10,75 med firekiloskuls i 9. klassen.
I barneskulestemnet sprang 7. klassingen Adrian Aanstad Eide 60m på 9,0. 5.-klassingen Håkon Woldseth Kleiva oppnådde 7,28 i kulestøyt.
Anniken Midtgård Espevoll i 5. klasse vann lengde med 3,03 og kulestøyt med 6,73. I 7. klasse vann Nathalie Bogstad-Seim kule med 9,10 føre Linnea Vatshelle Thorsen med 8,75. Linnea vann lengde med 3,83.
Premiane til stemnet var det Eikanger IL som stod for.
Resultatlister
Resultat barneskulestemne 27.5.2025.pdf
Resultat ungdomsskulestemne28.5.2025.pdf
Komande friidrettsstemner
Tysdag 24. juni vert det friidrettsstemne på Ostereidet med start kl. 18.30 og påmelding frå kl. 17.45. Guar og jenter i alle klassar frå 7-8 år og oppover er velkomne til å delta. Øvingane vert 60m, lengde og 600m/800m, pluss kanskje ei kastøving. Det er fint om nokre foreldre kan hjelpa til med avviklinga.
Tysdag 26. august ved det jubileumsstemne i samband med at det i august i år er 50 år sidan grusbana på Ostereidet stod ferdig til bruk, og det første stemnet vart arrangert.
Me kjem tilbake med meir informasjon om dette stemnet. Men det er alt no fastsett at ei av øvingane vert 5000m, Eikangerløpet som me vanlegvis arrangerer i månadsskiftet september-oktober.
Tekst og foto: Stanley Hauge