Færø-dominans i Eikangerløpet

Postet av Stanley Hauge den 27. Aug 2025

I MÅL: Halfdan-Emil Færø i mål på den flotte tida 15.26,3.

Halfdan-Emil Færø sprang den beste 5000m sin på mange år då han tysdag kveld vann Eikangerløpet under jubileumsstemnet på Ostereidet.

Tida hans vart 15.26,3 og var berre vel tre sekund etter løpsrekorden som han sette for ti år sidan. Han vann løpet for niande gong.

STERKT LØP: 12-årige Live Færø Linde (startnr. 29) sprang fort og hadde sjuande beste tid av alle startande. Til høgre fort henne Audun Eidsnes, og liker bak kjem Inge Nævdal og Sigmund Nævdal.

12-årige Live Færø Linde leverte eit svært imponerande løp då ho var raskaste kvinne med tida 18.14,7. På andreplass blant kvinnene  kom Bertine-Helene Færø som er tanta til Live. Og den 9 år gamle søstera til Live var tredje raskast.

KAMP OM ANDREPLASSEN: Ludvig Færø Linde (28) vart nummer to, meda Svein Roar Kvamme like bak vart nummer tre.

På andreplass i herreklassen kom 15-årige Ludvig Færø Linde på 16.20,3. Han er bror til Live som vann kvinneklassen. På tredjeplass kom Svein R. Kvamme som med tida 16.23,5 framleis held solid form.

UNG TRIO: Gode løparjenter i Færø-familien. Førsteplass til Live Færø Linde, Bertine-Helene Færø (t.v.) nummer to og Rikke Færø Linde nummer tre.

Halfdan-Emil Færø sette god fart heilt frå start. Med nesten 30 løparar i feltet, vart det tett med løparar rundt heile bana etter eit par rundar. Halfdan-Emil passerte mange av dei fleire gonger, og han var ein runde før alle i mål. 

DEI BESTE I HERREKLASSEN: Halfdan-Emil Færø på topp, med Ludvig Færø Linde (som Halfan-Emil er onkel til) på andreplass og Svein R. Kvamme  (t.h.) på tredjeplass.

Det var strålande forhold under løpet tysdag kveld, med sol då stemnet starta og varmt. Etter godt dugnadsarbeid tidlegare i veka var også raudstubbana i god stand. Ei rekkje løparar, både yngre og eldre, fekk notert gode tider. 

Det sette ein spiss på løpet at ein av landets mest kunnskapsrike friidrettskjennarar, Stein Fossen, var til stades og kommenterte løpet. 

STARTEN: Med 28 løparar til start vart det tett rundt den 293,3 m lange bana. Halfdan-Emil tok teten frå start.

28 personar stilte til start i årets løp, medan det var 18 i fjor. Det er berre nokre gonger for over 20 år sidan at fleire har delteke. 

Flest startar har Arvid Hauge med 45, Inge Nævdal med 38, Sverre Solberg 33, Bjørnar Eidsheim 32, Gunnar Hauge 27 og Helge Færø 24. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 14.

Andre øvingar
Det vart også arrangert øvingane 60m, 600m, lengde og kulestøyt. Der  deltok ein del born og nokre vaksne.

Takk til medhjelparane
Svært mange av dei som var spurde om å stilla opp som medhjelparar på stemnet, hadde teke imot oppfordringa og stilte opp på bana tysdag kveld. Ei stor takk til heile gjengen som sytte for ei god avvikling.

Vinterkarusellen neste
Laurdag 18. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger.  Deretter vert det løp 15. november og 13. desember.

Eikangerløpet 2025.
Ostereidet idrettsbane 26.8.2025 
Arr.: Eikanger IL
Fint ver, sol, vindstille, + 20° C.                                

5000m menn 
1. Halfdan-Emil Færø    1991    Varegg    15:26,3
2. Ludvig Færø Linde    2010    Varegg    16:20,3
3. Svein R Kvamme    1990    Eikanger IL    16:23,5
4. Magnus-Johan Færø    1995    Eikanger IL    16:59,1
5. Jo-Harald Færø    1983    Eikanger IL    17:05,4
6. Bjørn Harald Nævdal    1994        18:02,1
7. Bjarte Eikanger    1972        18:44,3
8. Nils Rune Vassdal    1972    Eikanger IL    18:45,0
9. Bjørnar Eidsheim    1968    Eikanger IL    19:53,7
10. Harald Nygård    1951    AKS 77    22:05,6
11. Helge Færø    1960    Eikanger IL    22.10,4
12. Alf Fjellstad     1950    AKS 77    22.58,2
13. Are Flekke     1996    IL Norna/Salhus    23:02,8
14. Bjarne Gausvik    1954    Eikanger IL    23:26,7
15. Gunnar Hauge    1955    Eikanger IL    23:29,3
16. Inge Nævdal    1954    Eikanger IL    23:54,8
17. Audun Eidsnes    1958        24:00,1
18. Brynjar Nordanger    1963    Eikanger IL    24:14,6
19. Sigmund Nævdal    1958        24:17,8
20. Arvid Hauge    1960    Eikanger IL    25:35,0
21. Jan Kårbø     1957        25:50,0
22. Samuel Evjen    2013    Kvernbit    27:58,2
23. Benjamin Evjen    2015    Kvernbit    34:15,3
24. Sverre Solberg    1952    AKS 77    38:01,4

5000m kvinner                
1. Live Færø Linde    2013    Varegg    18:14,7
2. Bertine-Helene Færø    1992    Varegg    18:38,5
3. Rikke Færø Linde    2016    Varegg    23:03,8
4. Linn Evjen    1988    Kvernbit    34:17,9

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.