Vinterkarusellen startar laurdag 18. oktober
Postet av Stanley Hauge den 7. Okt 2025
Første løpet i vinterkarusellen 2025-26 vert laurdag 18. oktober på Eikanger. I alt vert det sju løp komande sesong, tre før jul og 4 etter nyttår. Løypa er den vanlege rundt Eikangervågen.
Starttid:
Alle løpa går laurdagar og lønsklassen startar kl. 15.00.
Deltakarar som stiller utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.
Påmelding frå kl 14.20.
Løypa
Løpet har start og mål i porten på Eikanger skule. Løypa er på knappe 2,2 km rundt Eikangervågen.
Etter første flaten ut frå start, tek du til høgre ned bakken mot vågen og utetter vågen, over den gamle brua der og gangvegen langs E39 til krysset med fylkesvegen mot Høyland/Myking. Så spring/går du på fylkesvegen til krysset med gamleskulen/bakeriet og bort att til skulen. Løypa passar for folk i alle aldrar.
Dei sju løpa i den 47. sesongen av karusellen går slik: 18. oktober, 15. november og 13. desember før jul. Etter nyttår vert det løp 10. januar, 7. februar, 7. mars og 11. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 140,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2010 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 47 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 358 løp med 598 startar.
Terje Eidsnes med 306 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 304. Deretter kjem Steinar Haukås med 288, Alf Høyland med 281, Arvid Hauge 275 og Leiv Eidsnes 269.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 178 startar og Grethe Titland med 170 som har delteke flittigast.
Flest løp-1979-2025-kvinner.pdf
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
VK bestetider menn 1979-1.5.2025.pdf
VK bestetider kvinner 1979-2025.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge