Bjørn H. Nævdal ny karusellvinnar
Postet av Stanley Hauge den 7. Mar 2026

STARTEN: Bjørn Harald Nævdal (7) tok teten frå start.
Bjørn Harald Nævdal var raskast i den 6. karusellen på Eikanger denne sesongen. Med vinnartida 7.01 betra han bestetida si med eitt sekund. Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne.

SUVEREN VINNAR: Bjørn Harald Nævdal vann løpet laurdag med over eitt minutts margin.
Utan å vera pressa på nokon måte greidde Bjørn H. Nævdal å setja personbeste. I mål var han over minuttet føre andremann, Jostein Rød på 8.12. Truleg hadde han sprunge under sju minuttar for første gong dersom det hadde vore konkurrentar som pusta han i ryggen.

RASKAST ENNO EIN GONG: Grethe Jørgensen.
Grethe Jørgensen sprang denne gongen på 8.25. Ho har no vore raskaste kvinne i karusellen 47 gonger, ein meir enn Bertine-Helene Færø.

NEST RASKAST: Jostein Rød.
Forholda var gode under løpet laurdag, med nesten ti varmegrader, tørr løype og vindstille. Ja, til og med solskin i delar av løypa.

NYE PERSONBESTE: Stian Matre (over) og Sverre Kvamme.

Fleire løparar nytta høvet til å betra bestetidene sine. Mellom dei 19-åringen Stian Matre med 8.54 og Sverre Kvamme med 9.18. To gutar i niårsklassen sette også fine personbeste. Isak Øvretveit Hosøy på 9.55 og Fredrik Aase Nævdal på 10.08.

GAV ALT: Øyvind Farstad.
Siste løpet i karusellen 2025-26 går laurdag 11. april. Då vert det premieutdeling for sesongen, der alle med minst tre statar får medalje. Pokalar vert det til nokre deltakarar for mange startar.
Vinterkarusell 2025-26, 6. løp.
Eikanger 7. mars 2026
Arr.: Eikanger IL
Sol, vindstille, tørr veg, + 9° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Bjørn Harald Nævdal 7.01
2. Jostein Rød 8.12
3. Anders Eidsnes 8.18
4. Grethe Jørgensen 8.25
5. Stian Matre 8.54
6. Sverre Kvamme 9.18
7. Øyvind Farstad 9.32
8. Kennet Innvær 9.37
9. Isak Øvretveit Hosøy 9.55
9. Ruben Hosøy 9.55

FRISK SPURT: Isak Øvretveit Hosøy (12) og Ruben Hosøy.
11. Fredrik Aase Nævdal 10.08
12. Jan Kårbø 11.24
13. Johannes Landro Fyllingsnes 11.30
14. Aleksander Nævdal 11.49
15. Jakob Husum Nævdal 11.49
16. Christer Aase Nævdal 11.55
17. Sebastian Aase Nævdal 14.03
18. Sigmund Nævdal 14.04
Utan tid:Kristian Bjørge, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Aud Eknes, Erik Arne Eknes, Terje Eknes, Tiril Eknes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Torunn Hopland, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Gerd Nævdal, Marius Aase Nævdal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø.
I alt 49 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 11. april 2026.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.