Karusellavslutting og premieutdeling 11. april
Postet av Stanley Hauge den 2. Apr 2026

Laurdag 11. april går det 7. og siste løpet i karusellen for sesongen 2025-26. 65 personar har delteke tre eller fleire gonger og får medalje. Det vert premieutdeling for sesongen så snart alle er i mål.
Dersom dei 20 som står med to løp til no deltek i det siste løpet, vert det bronsemedalje på dei også.
Karusellen 11. april
Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen presis kl. 15.00. Dei som skal trimma utan tidtaking, kan starta så snart dei er påmelde.
Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 30,-
Vaksne kr 60,-
Familie kr 150,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2011 og seinare))
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer.
Etter endt sesong vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Sjekk kor mange startar du har: Tal-startar-6lop-2025-26.pdf
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 statar.
I år vert det delt ut ein premie for 200 startar. Tre personar har passert 150 startar. Fire andre skal ha premie for 30 startar (3) og 75 startar (1).
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.