Organisasjonsplan Eikanger IL 2015

Økonomi:
Kvar gruppe lagar framlegg til eige budsjett som inngår i laget sitt totale budsjett.
- Gruppene driftar seg sjølv innanfor sine område. Saker som vedrører eller bind heile laget skal avklarast med styret.
- Styret er ansvarleg for drift av laget mellom årsmøta.
- Styret skal bistå gruppene når det er behov og ønskjeleg ut frå styret sitt ansvar.
- Styret tar initiativ til felles konstitueringsmøte rett etter årsmøte for å sikra at alle kjem i gang.
- Det skal vera minst to fellesmøte mellom styret og gruppeleiarane i løpet av året. Ligg det til rette for det kan heile gruppestyret vera med på eitt av møta. Dette er for å auka samhaldet og kjennskap til kvarandre sine oppgåver.
Avklaring roller EIL 2015.pdf