Anlegga Eikanger IL disponerer

Ostereidet idrettspark

Hovudaktiviteten til Eikanger IL skjer på Ostereidet der idrettslaget disponerer og brukar desse anlegga.

Kunstgrasbana
Kunstgrasbana vart opna 19. mai 2001.
Det planerte arealet er på 72 m x 110 m inkludert tryggingssoner.
Fotballbana er på 100 m x 64 m

Treningsbana (grusbana)

Treningsbana (grusbana) vart opna sommaren 1975. Opningsstemnet i friidrett var lagkamp mot Breim IL 6. august 1975.

Anlegget har ei grus fotballbane og ei rundløpsbane med raudstubb.

Løpebana er på 293,3 m med fire baner rundt. På eine langsida er det eit felt på 120 meter med seks løpebaner. Bana har også felt for hopp og kast


Sandvolleyballbane

I forlenginga av kunstgrasbana vart det i 2014 opna ei sandvolleyballbane.










Idrettsbygget

Idrettsbygget på Ostereidet, som vart opna i 1975, inneheld gymnastikksal (10 m x 20 m) og symjebasseng (12,5 m). I tilfluktsrommet i kjellaretasjen er det lagt til rette for styrketrening m.m.

Sekretariat/stemnekontor
Sekretariat/stemnekontor vart i 1983/84 bygd i forlenginga av bygningen til Ostereidet ungdomsskule. Dette er ei samlingspunkt for styremøte m.m. i laget.

Gymnastikksalar ved skulane

Gymnastikksalane ved barneskulane i området til idrettslaget vert brukte til trening. Det gjeld no skulane på Kløvheim og Eikanger.

Skianlegg på Gamlesætra

Skianlegget på Gamlesætra i Romarheimsdalen vart teken i bruk vinteren 1990/91. Løypa er seinare rusta opp og er på ca. 3,5 km med lysanlegg. Løypa er no under vidare utbygging.

Anlegga-EIL-historia-Nett.pdf (pdf)





Meir om anlegga