Medlemskap og innmelding

Så enkelt er det å melda seg inn i Eikanger IL:



Gå inn på "Bli medlem" på linjen over :-)



Lurer du på noko om medlemskap, send ein e-post til medlem.eikangeril@gmail.com



 eller: Møt opp på trening og snakk med trenaren.


Du er alltid velkommen i Eikanger IL





Satsar for medlemskontingent
Etter noken år med nedgang i antall medlemmar, har Årsmøte 2022 reduserte satsane for kontingent, dette for å auke rekruttering av nye medlem.
Idrettslaget oppmodar til å teikne familiemedlemskap, slik at alle i husstanden kan få vere medlem hos oss.


For 2022 er medlemskontingenten i Eikanger IL:



  • Born t.o.m. det året dei fyller 18 år betalar kr. 100,- pr. kalenderår.
  • Aktive vaksne f.o.m. det året dei fyller 19 år betalar kr 100,- pr. kalenderår.
  • Familiekontingent 100,- pr. kalenderår for vaksne og 50 kr pr. born  (born kan vera del av familiekontingent t.o.m. det året dei fyller 18)



Passive medlemmer er ein fin måte å støtta eit positivt arbeid blant born og unge i bygda er å teikna seg som passivt medlem i laget. Mange besteforeldre støttar fritidstilbodet til barneborna på denne måten. Passivt medlemskap kostar 100,- kroner pr. år.



Det er årsmøtet som fastset Eikanger idrettslag sin kontingent. Fotballgruppa krev i tillegg inn treningsavgift/gruppekontingent.


Krav om medlemskontingent/treningsavgift vil koma som faktura på e-post. 

Unngå purringar
Etter betalingsfrist for 2. gongs purring risikerer du å verta utestengt frå aktiviteten du er med på. Det er ein stor jobb å halda medlemsregisteret oppdatert, og feil kan skje. Skulle du få feil krav, ver snill og meld kjapt tilbake.



Utmelding
Medlemmane (eller dei føresette) må gje melding via brev eller e-post dersom dei ikkje lenger deltek på aktivitetar i Eikanger IL og såleis ikkje ynskjer å stå som medlem. Formelt er du medlem til idrettslaget har motteke utmelding.




Kontaktpersonar

Leiar: Robert Lorang Hansen



Kasserar for Eikanger IL: Siri Hindenes 



E-post: leiar.eikangeril@gmail.com

Medlemskap: medlem.eikangeril@gmail.com