Eikanger G14 v Arna-Bjørnar

Postet av Eikanger G14 (2010) den 29. Sep 2024

Søndag 29. september kl.13.00 var det tid for fotballkamp på heimebane mot Arna-Bjørnar. Bortelaget ligg på botn av tabellen og Eikanger-gutane var håpefulle for ein seier idag. På Ostereidet Kunstgras var det kaldt, men sola skein store deler av kampen og det var gode baneforhold.

1.omgang starta med Eikanger i føringa. Etter 11 minutt kom det første målet av Preben Eide, og berre fire minutt etterpå skåra han igjen. Som på tidlegare kampar, viste G14 gode takter og flott spel på bana, noko som gav fleire målsjansar. Før laga gjekk til pause, skåra både Arna-Bjørnar og Eikanger, dermed var pauseresultatet 3-1 til Eikanger.

Det var optimistiske gutar på benken i pausen og dei var klare for å vise meir av det gode spelet sitt i 2.omgang. Preben Eide vart den ultimate målkongen, for både i det 62. og 66. minutt putta han ballen i nettet og laget gjekk av bana med 5-1 seier!

Sjølv om det var èin spelar som skåra alle måla i dag, var dette ein skikkeleg flott lagseier. Gutane følgde planen til punkt og prikke og dei kjempa godt. Under kampen viste gutane at dei har utvikla seg som lag og dei kunne endeleg cashe inn den første tre-poengaren for sesongen. Laget har vore nærme lenge, men som regel har det enda med stang ut. Men i dag satt den!!

Neste kamp er på heimebane tysdag 22. oktober mot Lyngbø/Frøya kl.18.30.

Preben skåra 5 mål og vart målkongen under denne kampen!




Tur og kamp mot Halsnøy for G14

Postet av Eikanger G14 (2010) den 24. Sep 2024

Søndag 22. september hadde Eikanger G14 bortekamp mot Halsnøy. Halsnøy er om lag 3 timars køyring unna og mange av spelarane med foreldre, valde å reise ned til Husnes dagen før. 

Dei fleste spelarane ankom Husnes Camping i løpet av laurdag og fekk ein sosial dag og kveld med fotball, felles måltid, avslapping og prat. 

Søndag var det utsjekk og tid for kamp. Laget møtte opp på Sæbøvik Grasbane. Her møtte dei eit lag som låg på 2. plass på tabellen, kun slått av tabell-topp Os. 

Kampen starta med to tidlege mål imot oss, blant anna grunna eit hjørnespark og eit straffespark til Halsnøy. Men Eikanger skjønte likevel at dette laget var mogleg å slå, sidan våre gutta var fullt på høgde med motspelarane fotballteknisk. 

Rett før pause, skåra Andrè med eit flott langskot. G14 gjekk dermed til pause med 2-1 til Halsnøy. Gutta viste eit enormt godt samspel i 2. omgang, med fleire målsjansar og mykje godt spel på motstandarane sin banehalvdel. Likevel klarte Halsnøy å skåre to mål til og stillinga viste 4-1 til Halsnøy. 

Halsnøy serverte oppskore frukt på fat. Tusen takk!

Eikanger G14 gav ikkje opp. Dei kjempa vidare og spenninga var elektrisk då Preben skåra to mål og Elias skåra to mål, -alle i løpet av 12 minutt! Stillinga var dermed 4-5 til Eikanger med 6 minutt igjen av kampen. Stemninga på tribuna var fantastisk. Skulle Eikanger G14 vinne sin første kamp mot nr. 2 på tabellen? Det viste seg at Halsnøy ikkje ville gje seg på tap, dei kjempa og skåra 3 minutt før slutt. 

Her har Elias skåra og Eikanger leder kampen 4-5. Fantastisk stemning!!

Stillinga vart 5-5 og poengdeling. Gutta våre var skuffa, men FOR ei historisk innhenting og så moro dei hadde det på bana! Ein fantastisk underhaldande kamp, der fleire meinte det kom godt med at hjartestartaren var innan rekkevidde. 

Ifølgje trenar Jan Olav, eigde gutane våre 2. omgang og fleire av angrepa var som henta frå læreboka! 

Turen til Halsnøy var minnerik og flott på mange måtar. Det var relasjonsbygging for både små og store. 

Eitt poeng opp for Eikanger G14 denne gongen. Så håpar vi at det kjem ein 3-poengar snart, det har dei verkeleg fortent. Dei har ikkje heilt fått løn for det gode spelet sitt så langt i sesongen. 

Neste kamp er på heimebane søndag 29. september kl. 12.00, mot Arna-Bjørnar.

 

 https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8656796




Heimekamp mot Øystese/Norheimsund

Postet av Eikanger G14 (2010) den 12. Sep 2024

Tysdagskveld var det duka for ein spennande kamp på Ostereidet Kunstgras. Øystese/Norheimsund kom til Ostereidet for å møte Eikanger G14. Det var ein ganske hustrig kveld, med skyer og regn.

Gutta våre var i kjempeslag og i 1. omgang viste dei eit kanonspel med både godt samspel og pasningspel, men Øystese/Norheimsund skåra tidleg i 1. omgang, etter ein lynvisitt på vår banehalvdel. Etter flott spel i første omgang, gjenspeila ikkje pauseresultatet korleis kampen var på bana. Eikanger IL gjekk til pause med 1-2. 

Den faste heiagjengen var på plass

Ut i 2. omgang var gutta våre noko ukonsentrerte og fekk to baklengsmål i mot seg. Stillinga vart 1-4 utover i omgangen. Eikanger G14 kjempa på og skåra to mål i slutten av 2. omgang og då dommaren blåste av etter full tid, var sluttresultatet 3-4.

Gutta kunne avgjort kampen sjølv med ein seier, men slik som dei to føregåande kampane, var det mange skot på mål, men ballen vil ikkje inn i nettet. Ei dårleg trend som gutta skal prøve å snu til neste kamp.

På søndag 15. september møter Eikanger G14 eit sterkt Os-lag på bortebane kl.19.00.




Bortekamp mot Samnanger G14

Postet av Eikanger G14 (2010) den 25. Aug 2024

Lørdag 24. august kl 16.00 møtte G14 Samnanger borte på Hagabotnane Idrettsplass. Det var duket for et spennende oppgjør, når vi tok turen til Tysse for å spille. 

Værgudene var nådeløse og serverte bøttevis med regn og dette preget spillet utpå banen. Etter en jevn, men tøff første omgang, gikk lagene til pause på stillingen 0-0. Forsvaret vårt leverte solid innsats, men vi slet med å få i gang spillet vårt. Motstanderen var tøffe og gode i presspillet sitt. Fikk allikevel en følelse at vi kunne vinne denne kampen og når 2. omgang ble blåst i gang, synes jeg vi hadde mer kontroll.

Samnanger var imidlertid skumle på overganger og så har de også en farlig spiss, som har bøttet innpå med mål i tidligere kamper. Halvveis ut i omgangen kom da også målet deres, og Samnanger gikk opp til 1-0. Resten av kampen presset vi på for utligning og produserte flere gode sjanser, men det ville seg ikke, så da ble det et kjedelig resultat for vår del. Vi er imponert over gutta som tok tapet med fatning. Vi har noe på gang, så det tar nok ikke så lang tid før vi innkasserer første seier for høstsesongen. 

Neste kamp er 10. september kl 18.30 på heimebane. Håper mange vil komme og heie.

Referent: Trener Jan Olav Vågen





Serieopning for G14

Postet av Eikanger G14 (2010) den 17. Aug 2024

Lørdag 17. august kl.12.00 tok Eikanger IL, G14, imot fotballaget Sund på Ostereidet Kunstgrasbane under overskya forhold med grei temperatur. 

Det var ein del nervøsitet blant spelarane, sidan det var første kamp i ny pulje i 2.divisjon, avdeling 1. Sund er eit sterkt lag som har oppnådd gode resultat på Norway Cup og i seriespel i vår, motstandarane var fysisk store og Eikanger var usikre på kva dei kom til å møte.

I dei 10-15 første minuttane av kampen, hadde Sund føringa med mykje godt pasningspel, men G14 klarte å øydeleggje det gode spelet til Sund og gutta tok over kampen.

Stillinga var 0-0 til pause, men Eikanger hadde fleire målsjansar og burde hatt leiinga til pause. Gutta var slitne og gav uttrykk for at det kosta å jobba så hardt.2. omgang fortsette slik som 1.omgang slutta, med mykje bra spel av Eikanger, og gutta styrte kampen. Dei hadde fleire målsjansar og stoppa det gode pasningsspelet til motstandarane. G14 hadde nokre omrokkeringar på laget og prøvde ut litt nye posisjonar. I den einaste sjansen Sund hadde i 2. omgang,  fekk dei ballen i nota etter eit frispark. Kampen enda 0-1 til Sund, eit surt tap for G14 som hadde fortent minst uavgjort.

Innsatsen og kvaliteten på spelet til gutta er veldig høgt, dei kjempa godt saman som lag. Publikum fekk mykje god underhaldning, trass få mål, det var verkeleg dyktige guttar å sjå på bana i dag.

Eikanger G14 er innstilte på å jobba hardt vidare denne hausten med både kondisjon, posisjon og pasningsspel, så det vert spennande å følgje dei vidare denne sesongen.