Ung dominans i vinterkarusellen
Postet av Stanley Hauge den 11. Nov 2023
STARTEN: Heile 39 deltakarar stilte til start i løpsklassen.
Unge gutar og jenter og veteranar imponerte med sterke tider i vinterkarusellen på Eikanger 11. november. Men det var dei unge som imponerte mest.
17-årige Idar Odland tok tredje sigeren i løprt og betra bestetida si til 6.27, ni sekund betre enn i dei to siste løpa tidleg i vår. Endå meir imponerte 10-åringen Live Færø Linde med tida 7.51.
NY BESTETID: Idar Odland, bergensar med slektsrøter på Eikanger, sette personbeste med ni sekund.
Live Færø Linde vann for første gong. Det skjedde nesten på dagen 30 år etter at mora, Sara Rebekka Færø Linde, vann for første gong 27. november 1993. Som 11-åring sprang Sara då på 9.41.
KJEMPETID: 10-årige Live Færø Linde var raskaste jente og er mellom dei ti raskaste kvinnene i karusellen nokon gong.
Tida til Live Færø Linde plasserer henne mellom dei ti beste jenter/kvinner nokon gong i karusellen. Idar Odland er med si bestenotering inne blant dei 15 raskaste karuselldeltakarane sidan starten i 1979.
Det var gledeleg å sjå mange unge jenter og gutar på startstreken i dette løpet. I aldersspennet sju til 15 år var det mange av desse ungdomane som sprang imponerande fort. Tredje beste tid av alle hadde 13-årige Ludvig Færø Linde med 6.57. Han vart berre slått av vinnaren og onkelen sin, Jo Harald Færø. Sistnemnde fekk tida 6.34 og var raskast av alle veteranane.
Ludvig Færø Linde kom i mål til tredjeplass på sterke 6.57.
Med 39 startande i klassen for tidtaking er det lenge sidan det har vore eit så stort startfelt på Eikanger. Og med knapt 60 deltakarar i klassen utan tidtaking, var det i alt 98 startande.
Forholda var gode med klårvêr, vindstille, berr veg og nokre få plussgrader.
Neste løp på Eikanger går 9. desember. Det vert det tradisjonelle juleløpet då nissane gjerne dukkar opp. Så det er berre å trena og førebu seg.
Kjetil Aasgard fremst her, med Einar Færø og Live Færø Linde deretter.
Vinterkarusell 2023-24, 2. løp.
Eikanger 11. november 2023
Arr.: Eikanger IL
Nesten klårt, opphald, vindstille, berr veg, +3-4° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Idar Odland 6.27
2. Jo Harald Færø 6.34
3. Ludvig Færø Linde 6.57
4. Kjetil Aasgard 7.45
5. Einar Færø 7.50
6. Live Færø Linde 7.51
7. Petter Buvik 7.59
8. Dag Taule 8.04
9. Gustav Ansnes Færø 8.37
10. Anton Nikolai Vedå 8.49
Ein godt påkledd Dag Taule noterte 8.04.
Gustav Andsnes Færø sprang pål 8.37.
Anton Nikolai Vedå (nr. 30) og Sjur Øren Heggernes (18) i mål på gode tider.
Sjur Øren Heggernes 8.50
Håvard Fyllingsnes 9.09
Sjur Aasgard 9.17
Nikolai Færø 9.20
Åsmund Aasgard 9.23
Alf Fjellstad 9.30
Gunnar Hauge 9.36
Alma Taule 10.00
Matheo Taule 10.08
Terje Eidsnes 10.09
Rikke Færø Linde 10.11
Lorentz Linde 10.12
Jan Kårbø 10.16
Olav K. Romarheim 10.22
Inge Nævdal 10.23
Tine Taule 10.34
Steinar Haukås 10.49
Emin Tangerås 10.54
Tone Marit Vedå 11.01
Ingunn Kvalsvik 11.53
SMILANDE: Tone Marit Vedå kom i mål med eit kjempesmil etter å ha sprunge rundt Eikangervågen på 11 minuttar.
Magnus Golten Fyllingsnes 12.43
Samuel Sherrock 12.44
Håkon Rongved 13.00
Iris Tangerås 13.22
Ingrid Tangerås 13.23
Oline Kristin Hindenes Holmedal 13.39
Elin Hindenes 13.40
Sverre Solberg 14.54
Rannveig Marie Buvik Aasgard 15.05
TRIMGJENG: Her er nokre av gjengen på nesten 60 personar som tok turen rundt vågen utan tidtaking. Flott trim for både hundar og folk!
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Javiera Dommersnes, Jan Halvard Edvardsen, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Silje Golten Eikevik, Bente E. Fyllingsnes, Henrik Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Laurits Golten Fyllingsnes, Levy Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Britt Gjelsvik, Stanley Hauge, Arnfinn Hellevang, Selma Hindenes Holmedal, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Sara R. Færø Linde, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Emil Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Kirsten Rongved, Tone Sperrevik, Audun Stusdal, Eira Stusdal, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Åge Toft, Liv-Reidun Sletten Vabø, Albert Vedå, Lauritz Vedå, Lavrans Vedå, Mons Vedå, Runar Vedå, Torbjørn Vedå, Margareth Økland, Magnus Ådnanes
I alt 98 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 9. desember 2023.
Håvard Fyllingsnes.
Sjur Aasgard fremst her.
Nikolai Færø (18), Åsmund Aasgard og Alf Fjeldstad (10).
Gunnar Hauge.
Alma Taule.
Fremst Mateo Taule (ser bakover), Terje Eidsnes (12), Rikke Færø Linde (34), Lorents Linde (35) og Jan Kårbø (1).
Rikke Færø Linde og Lorentz Linde.
Inge Nævdal (39) og Olav K. Romarheim (32).
Ein gjeng trimmarar og Steinar Haukås (11).
Tekst og foto: Stanley Hauge
2 Kommentarer
Kommentarer
-
Steinar Haukås
Godkjent…..av kven… ? Er det leiar i Friidrettsgruppa som har godkjent dette….på flygebladet står det at alle løp går laurdag og påmelding er frå 14.20 - 14.55. Dette går ikkje an. Eg har no opp gjennom åra mange gonger vore bortreist på tidspunkt for løpa, men har no aldri bede om å springa til andre tider. Er ein på reise, så er ein på reise.
12 november 2023
Det er rett og slett ikkje rettferdig i forhold til Terje Eidsnes som leder antal løp i VK med 2, eller var det berre 1….. -
Stanley Hauge
Sverre kunne ikkje stilla laurdag, og fekk godkjent å gjennomføra løp fredag.
12 november 2023 -
Steinar Haukås
Ser det er ein feil på resultatlista. Sverre Solberg står oppført, men han var ikkje på løpet, noko som vart lagt spesielt merke til og kommentert av fleire. Må vera noko som «heng att» frå forrige løp….
12 november 2023
Logg inn for å skrive en kommentar.